Hopp til innhold

Katalansk regionpresident har meldt seg for belgisk politi

Den avsette regionpresidenten i Catalonia, Carles Puigdemont, har meldt seg for belgisk politi. Det stadfester den belgiske påtalemakta. Også dei fire katalanske ministrane som oppheld seg i Belgia, har meldt seg.

Nyheten ble presentert på en pressekonferanse søndag ettermiddag.

Dei melde seg saman saman med advokatane sine klokka 09.17 søndag, og skal avhøyrast i løpet av ettermiddagen. Innan eitt døgn vil påtalemakta ta stilling til om dei fem skal utleverast til Spania. Det sa talsmann for påtalemakta, Gilles Dejemppe, på ein pressekonferanse søndag ettermiddag.

Den katalanske regionforsamlinga vedtok 27. oktober at Catalonia skal vere uavhengig frå Spania. Reaksjonen frå den spanske hovudstaden kom same dag. Statsminister Mariano Rajoy oppheva sjølvstyret, avsette dei katalanske leiarane og oppløyste regionforsamlinga.

carles Puigdemont

Carles Puigdemont har meldt seg etter å ha opphalde seg i Belgia sidan måndag.

Foto: Yves Herman / Reuters

Carles Puigdemont og fleire medlemmer av den regionale regjeringa blei sikta for oppvigleri, underslag og opprør.

Måndag reiste Puigdemont til Brussel saman med seks av dei tidlegare statsrådane sine. To returnerte, men dei fem andre oppheld seg framleis i Belgia. Fredag sende ein spansk dommar ut internasjonal arrestordre på dei fem.

Carles Puigdemont lova laurdag at han vil samarbeide med belgiske styresmakter.

Statsminister Mariano Rajoy har utlyst nyval i Catalonia 21. desember. Separatistpartiet PDeCAT varsla søndag at dei ønskjer Puigdemont som kandidat i valet.

SISTE NYTT

Siste nytt