NRK Meny
Normal

Kasta mjøl i ansiktet på presidentkandidat

Den konservative, franske presidentkandidaten François Fillon vart angripen med kveitemjøl under eit valkampmøte i Strasbourg i dag.

En mann kaster mel på den franske presidentkandidaten, François Fillon, under en valgkampanje i Strasbourg.

VIDEO: Mjøl-angrep på François Fillon

Det var ein ung mann som gjekk fram mot presidentkandidaten og kasta mjøl i ansiktet hans, medan Fillon var på veg opp på talarstolen. Angriparen hadde ei T-skjorte på seg med teksten «Studentar for Fillon».

Fillon vart ikkje skadd.

– Forfølging utan nåde

Tryggingsvakter la mannen kjapt i bakken og tok av han T-skjorta, melder det franske nyheitsbyrået AFP.

Frå talarstolen sa Fillon blant anna at han er utsett for ei «nådelaus forfølging», og han henta også fram visdomsord frå filosofen Friedrich Nietzsche.

– Dei gjer alt dei kan for å ta frå meg motet. Men mine vener, det som ikkje tek livet av meg, det gjer meg sterkare, sa han.

Skuldingar om juks

Det har storma friskt rundt Fillon, etter skuldingar om at både kone og born har hatt betalte stillingar i nasjonalforsamlinga, utan å ha arbeidd for pengane. Fillon har heile tida nekta for dette, men han er utsett for press også i sitt eige parti om å trekkje seg som presidentkandidat.

Han har tidlegare sagt at han er sikker på å bli frikjent for skuldingane.

Før skuldingane mot han vart sette fram leidde han på meiningsmålingane, men no ligg han på rundt 19 prosent. Han ligg bak både Marine Le Pen i Nasjonal Front og sentrumskandidaten Emmanuel Macron.

Dette bør du vite om det franske president­valget

Macron vant presidentdebatten

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt