NRK Meny
Normal

Karzai i hardt vêr på kvinnedagen

Afghanistan sin president Hamid Karzai blir skulda for å svikte afghanske kvinner i forsøket på å få Taliban til forhandlingsbordet.

Afghanistans president Hamid Karzai

UPOPULÆR: Afghanistan sin president Hamid Karzai er upopulær på kvinnedagen.

Foto: Musadeq Sadeq / AP

Ved å omfamne ei kunngjering som omtalar kvinner som andrerangs borgarar, trugar Karzai framsteg for kvinner sine rettar sidan Taliban sitt fall, meiner medlemmar av parlamentet, organisasjonar og analytikarar i Afghanistan.

Kvinner i burka

UNDERORDNA: Fråsegn omfamna av presidenten sitt kontor, seier kvinner burde finne seg i å vere andrerangs borgarar.

Foto: Saurabh Das / Ap

Afghanistan sin menneskerett- og demokratiorganisasjon fordømmer styresmaktene.

Styresmaktene balanserer mellom å sikre internasjonal bistand på den eine sida, og å tilfredsstille konservative krefter i det afghanske samfunnet på den andre, meiner organisasjonen.

– Krava frå ekstremistiske element som held hoff i presidentpalasset, veg alltid tyngre enn krava frå det internasjonale samfunnet, og det gjeld spesielt kreftene i dei juridiske organa samt i ulama-rådet, heiter det i ei fråsegn frå organisasjonen.

Må ikkje blande seg

Ulama-rådet av muslimske rettslærde, Afghanistan si høgste islamske styresmakt, kom sist fredag med ein offentleg kunngjering om at kvinner er mindre verde enn menn.

Fråsegn vart offentleggjort av Karzai sitt kontor og omfamna av presidenten sjølv denne veka.

«Menn er fundamentere og kvinner er underordnet», og kvinner burde unngå å «blande seg med framande menn i ulike sosiale aktivitetar som utdanning, på basaren, i kontorer og i andre livssituasjonar», stod det i fråsegna.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt