Hopp til innhold

Karzai ber NATO-styrkane dra

Den afghanske presidenten Hamid Karzai ber NATO og USA om å avslutta sine operasjonar i Afghanistan.

Hamid Karzai

Hamid Karzai meiner NATO trekkja soldatane sine ut av Afghanistan for å unngå at fleire sivile vert drepne i konflikten.

Foto: Musadeq Sadeq / Ap

– Eg vil gjerne med audmjuke, og ikkje arroganse, be NATO og USA stogga sine operasjonar i landet vårt, sa Karzai då han laurdag besøkte slektningane til ni born som skal ha blitt drepne i eit NATO-åtak.

Dei ni borna blei drepne i eit luftåtak i Kunar-provinsen aust i Afghanistan i byrjinga av mars. NATO har innrømt å stå bak åtaket, og seierborna blei forveksla med opprørssoldatar.

– Me er eit svært tolmodig folk, men no er tolmoda vår brukt
opp, fortsette han.

Afghanistan

Ein afghansk gut i nærleiken av eitt av kontrollpunkta til dei internasjonale styrkane i Helmand-provinsen i Afghanistan.

Foto: ADEK BERRY / Afp

Blodigaste året

Fjoråret var det blodigaste året for sivile i Afghanistan, ifølgje ein ny rapport frå menneskerettsorganisasjonen Afghan Rights Monitor i Kabul.

Konflikten tok livet av sju sivile kvar dag i Afganistan i 2010. Til blei 2421 sivile drepne.

Dødstala er dei høgaste sidan internasjonale styrkar tok seg inn i landet for ni år sidan.

I eit intervju med Channel 4 News i starten av mars, innrømte Karzai at det er ein viss «friksjon» mellom han sjølv og hans vestlege allierte, først og framst i synet på militære operasjonar.

Den afghanske presidenten har gjentekne gonger kritisert dei utanlandske styrkane sine drap på sivile. Han meiner dei militære operasjonane ikkje er føremålstenlege.

240 000 på flukt

I tillegg til døde og skadde, er 240 000 afghanarar registrerte som interne flyktningar.

Flyktningehjelpen, som er Noreg sin største humanitære organisasjon i Afghanistan, er svært uroa over situasjonen.

– Me åtvarar mot at både tryggingssituasjonen og den humanitære situasjonen kan bli verre i 2011. Alle partar i konflikten har eit ansvar for å hindra at sivile vert angripne, drepne eller skadde, sa generalsekretær Elisabeth Rasmusson i ei pressemelding i februar.

SISTE NYTT

Siste nytt