Hopp til innhold

Karl Marx 200 år - men framleis kontroversiell

I dag er det 200 år sidan Karl Marx vart fødd i den vesle tyske byen Trier. Jubileet vart markert med avduking av ein gigantisk statue av kommunismens far, men langt frå alle var like begeistra.

Karl Marx-jubileum.

Sjå bilete frå Karl Marx-jubileet i fødebyen Trier.

Foto: Wolfgang Rattay / Reuters
Karl Marx vart fødd 5. mai 1818 i den tyske byen Trier. Høgdepunktet i feiringa var avdukinga av ein fem meter høg statue.

Den 5,5 meter høge statuen, med Marx kledd i frakk og gåande framover, er ei gåve til Trier frå Det kinesiske kommunistpartiet. Kunstnaren er også kinesisk.

Karl Marx, som er kjent for blant anna hovudverka «Det kommunistiske manifest» (Das kommunistische Manifest) og «Kapitalen» (Das Kapital), er like kontroversiell i dag som tidlegare. Blant dei som møtte opp for å sjå avdukinga var det også mange demonstrantar.

– Inhumant og respektlaust

Filosofen, forfattaren og økonomen budde dei 17 første åra sine i Trier, ikkje langt frå grensa til Luxembourg, før han reiste ut for å studere, og for å forandre verda. Mange tyskarar har gitt Marx sine idear skulda for at Tyskland vart delt etter andre verdskrigen, og for stalinismen.

Fleire grupper demonstrerte i protest mot den gedigne statuen, blant andre «Unionen av offergrupper for kommunismens tyranni». Leiar for unionen, Dieter Dombrowski, kallar avgjerda om å ta mot gåva frå Kina som inhuman og respektlaus.

– Vi vil protestere høglydt avdukinga av Marx-statuen og heve røystene våre mot denne glorifiseringa av marxismen, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

Rundt 1500 menneske var til stades under avdukinga, blant andre leiaren for Det sosialdemokratiske partiet i Tyskland (SPD). Andrea Nahles sa blant anna at dei økonomiske analysane til Marx er aktuelle også i dag.

Tipp-tipp-oldebarn

Også tipp-tipp-oldebarnet til Karl Marx, franske Frederique Longuet-Marx, deltok i feiringa, der ho også heldt ein tale til dei frammøtte. Det var også helsingar frå Kina, frå det tyske kommunistpartiet og frå EU.

Leiaren for EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker sa i sin tale at det er feil å gi Marx skulda for alt har gjort i hans namn seinare.

Ordføraren i Trier, Wolfram Leibe, sa på si side at det ikkje er nokon grunn til å leggje skjul på at Marx var og er kontroversiell.

– I Tyskland har vi sett gong etter gong med kontroversielle personar i historia, at vi ynskjer å gøyme dei i skogen. Så det var eit bevisst val å få Karl Marx tilbake til byen. Vi treng ikkje å gøyme han bort, sa ordføraren blant anna.

SISTE NYTT

Siste nytt