Domstolen har avvist ein anke frå den tidlegare bosnisk-serbiske presidenten om utsetjing av saka. Karadzic meinte han trengde meir tid på å førebu forsvaret.
Karadzic er tiltalt for krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeslekta og folkemord. Det er i alt 11 tiltalepunkt.
Han har hittil nekta å nytte seg av forsvarar, og han har representert seg sjølv. Han har sagt seg ikkje skuldig i alle tiltalepunkta. Han nektar for at det var ein blokade av Sarajevo, der 10.000 menneske døydde.
Han nektar også for at vart gjort noko i strid med folkeretten i Srebrenica i 1995, der 7000 bosniske muslimar vart drepne.
karadzic gjekk av som leiar for dei bosniske serbarane i 1996, og han gjekk under jorda. Då han vart arrestert i Beograd i Serbia i 2008 hadde han endra utsjånad, og han hadde blant anna langt grått hår og skjegg.
Av utdanning er han psykiatar, men då han levde i skjul verka han som naturmedisinar. Han skal blant anna ha vore med på kongressar for naturmedisin i fleire europeiske land under sin falske identitet.
Rettssaka mot den tidlegare presidenten starta for fem månader sidan, og saka er alt utsett to gonger. No er det klart at rettssaka vil starte igjen 13. april, og då står fleire vitneavhøyr på planen.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: