Hopp til innhold

Kaotisk politisk landskap i Israel

Heile 34 parti stiller liste ved valet i Israel i dag. Benjamin Netanyahu frå Likud er favoritt til å bli ny statsminister.

Kaotisk politisk landskap i Israel

Ein ultraortodokse jøde passerer valplakatar for det religiøse Shas-partiet.

Foto: YANNIS BEHRAKIS / REUTERS

Med ei sperregrense på to prosent er det mange småparti i nasjonalforsamlinga Knesset.

Ingen av partia kjem til å få fleirtal, og det er heilt uvisst kva koalisjon som til slutt vil få regjeringsmakta.

Koalisjonane går ofte på tvers av normale høgre-venstre skilleliner i israelsk politikk. Mykje tyder på at vi står framfor eit protestval.

Det er i alt 120 plassar i Knesset.

Regjeringa som styrer Israel i dag er ein koalisjon mellom Kadima, Arbeidarpartiet og nokre mindre parti. Valet er framskunda med eitt år, etter at statsminister Ehud Olmert trekte seg som leiar for Kadima då han vart tiltalt for korrupsjon.

Den nye leiaren i Kadima, Tzipi Livni, lukkast ikkje med å danne ei ny koalisjonsregjering, og det vart skrive ut nyval.

Dette er dei viktigaste aktørane i israelsk politikk i dag:

Likud

Likud vart danna i 1973, og var opprinneleg ein allianse av fleire høgreparti. Menachim Begin leidde partiet til ein historisk valsiger i 1977, og tok regjeringsmakta frå Arbeidarpartiet, som hadde styrt landet sidan staten Israel vart etablert i 1948.

Benjamin "Bibi" Netanyahu

Benjamin 'Bibi' Netanyahu kan bli ny statsminister i Israel.

Foto: TARA TODRAS-WHITEHILL / AP

Begin la grunnlaget for fredsprosessen med Egypt, som førte til ein historisk fredsavtale mellom dei to landa i 1979.

Ariel Sharon var leiar i Likud og statsminister i 2005, men fekk ikkje støtte frå partiet når det gjaldt tilbaketrekking frå dei israelske busetjingane på Gazastripa. Dermed braut han med Likud og danna sentrumspartiet Kadima, som altså sit med regjeringsmakta i dag.

Benjamin Netanyahu, som også var partileiar og statsminister frå 1996 til 1999, tok over som partileiar då Sharon braut ut, etter ein periode utanfor politikken.

Dei aller fleste meiningsmålingane viser at Likud igjen vil bli største partiet i Knesset.

Benjamin "Bibi" Netanyahu var den første israelske leiaren som var fødd etter at den israelske staten vart etablert. Han var kommandosoldat i åra 1967 til 1972, og etter studiar i USA jobba han ved den israelske ambassaden i Washington.

Han var FN-ambassadør frå 1984 til 1988, då han vart vald inn i Knesset for Likud og fekk plass i regjeringa til Yitzhak Shamir.

Han var statsminister frå 1996 til 1999, og han har fått mykje av ansvaret for at Osloavtalen vart lagd død. Netanyahu var finansminister i samlingsregjeringa frå 2003 til 2005, men gjekk ut av regjeringa i protest mot Ariel Sharons tilbaketrekking frå Gazastripa.

Netanyahu blir rekna som ein hauk i israelsk politikk, og for nokre dagar sidan gjekk han ut og sa at det ikkje blir snakk om å inngå ein avtale med Syria om tilbaketrekking frå Golanhøgdene i byte med ein fredsavtale.

Men Netanyahu har gode kontaktar i USA etter sine år der, og det kan gi eit fruktbart samarbeid med USAs nye president Barack Obama, som har gjort det klart at å få til ein fredsavtale mellom Israel og palestinarane har høg prioritet.

Det var Netanyahu som stod bak avtalen som gjorde at palestinarane fekk tilbake kontrollen over 80 prosent av byen Hebron på Vestbreidda i 1996, og som også opna for vidare tilbaketrekking.

Partiet har i dag 12 plassar i Knesset. Dei siste meningsmålingane tyder på at partiet kan få 27 plassar.

Kadima

Partileiar i Kadima, Tzipi Livni.

Tzipi Livni er partileiar i Kadima.

Foto: GIL COHEN MAGEN / REUTERS

Kadima vart danna i 2005 av Ariel Sharon, då han braut ut frå Likud i samband med tilbaketrekkinga frå Gazasstripa. Noverande utanriksminister Tzipi Livni er partileiar, og ho er også partiet sin statsministerkandidat.

Partiet reknar seg som eit sentrumsparti, men går nok meir mot høgre enn mot venstre.

Tzipi Livni er 50 år gammal, og er såleis ein av dei yngste toppane i israelsk politikk. Ho har bakgrunn frå etterretningsorganisasjonen Mossad, men det er uklart kva type operasjonar ho deltok i der.

Ho har hatt plass i nasjonalforsamlinga sidan 1999, og frå 2001 vart ho med i Ariel Sharon si regjering. Ho har hatt to ulike statsrådspostar, og har vore utanriksminister sidan 2006.

Ho var ein viktig støttespelar og rådgjevar for Sharon, og ho har blitt sett på som arkitekten bak tilbaketrekkinga frå Gazastripa.

Tzipi Livni vart partileiar i Kadima då Ehud Olmert trekte seg, men ho greidde ikkje å samle nok støtte i Knesset til å danne ny regjering.

Ho er ein klar tilhengjar av ei tostatsløysing mellom Israel og palestinarrane.

Kadima satsar på ei samlingsregjering med Arbeidarpartiet, som i dag, med støtte frå nokre mindre parti.

Det ser ikkje ut til å krigen mot Hamas på Gazastripa har gitt Kadima eit hadt tiltrengt løft i opinionen.

Kadima har i dag 29 plassar i nasjonalforsamlinga, og dei siste meiningsmålingane tyder på at partiet får rundt 27 plassar i det nye Knesset.

Arbeidarpartiet

Det israelske arbeidarpartiet, Labour, var det store statsberande partiet i Israel frå danninga av staten i 1948 til 1978, då Likud kom til makta for første gong.

Partiet blir leidd av Ehud Barak, ein tidlegare general, som så ofte han har sjanse til det minner folk om at han er den høgst dekorerte soldaten i Israel. Men han appellerer ikkje til dei breie laget av folk i Israel.

Leiar for Arbeidarpartiet, Ehud Barak

Ehud Barak og Arbeidarpartiet kan gå mot eit svakt val.

Foto: JIM HOLLANDER POOL / AFP

Han var statsminister frå 1999 til 2001. Han leidde den israelske delegasjonen under dei mislukka fredsforhandlingane med Yasir Arafat på Camp David i USA i 2000. Etter samanbrotet i forhandlingane kom den andre palestinske intifadaen, og resten av statsministerperioden hans var prega av vald og uro.

Det var i hans statsministerperiode at Israel trekte seg ut av Sør-Libanon.

Ehud Barak har ord på seg for å vere arrogant og utan evne til å høyre på andre enn seg sjølv. Då han vart vald til partileiar igjen i 2007 vedgjekk han at han hadde vore for eigenrådig, og han tok sjølvkritikk på det.

Ehud Barak tenestegjorde i den israelske hæren frå han var 17 til han var 52 år gammal.

Han har blitt karakterisert som både ein hauk og ei due. Han er viljug til å inngå kompromiss for å oppnå fred, men er også heilt klar på at Israel må ha ein overlegen militær styrke for å overleve.

Arbeidarpartiet har i dag 19 plassar i Knesset, men målingar viser at partiet truleg ikkje får meir enn 14 ved valet.

Israel Beiteinu

"Israel er vår framtid" , som er den norske omsetjinga av partinamnet, har kome som ei kule i valkampen, og meningsmålingane viser at partiet kjem til å bli større enn Arbeidarpartiet.

Avigdor Lieberman er leiar for "Israel Beiteinu".

Avigdor Lieberman er den store jokeren i det isrealske valet.

Foto: DAMIR SAGOLJ / REUTERS

Partileiaren Avigdor Lieberman er 50 år gammal og fødd i Kishinev i Moldova, den gongen ein del av Sovjetunionen. Hana emigrerte til Israel i 1978, og han har ein mangeslungen bakgrunn. Han har blant anna vore dørvakt på ein nattklubb i Moskva, men har også ein bachelorgrad i internasjonal politikk frå det hebraiske universitetet i Jerusalem.

Han stifta partiet i 1999, og har stor støtte frå innvandrarar frå det tidlegare Sovjetunionen. Han har vore representant i Knesset sidan 1999, og var direktør for statsministeren sitt kontor i den siste statsministerperioden til Benjamin Netanyahu.

Israel Beiteinu er eit parti på høgresida i israelsk politikk, og Lieberman har mange svært kontroversielle synspunkt. Han vil blant anna redusere talet på arabarar som bur i Israel.

Han vil at område i Israel der arabarar er i fleirtal, skal overførast til ein palestinsk stat. Dei som blir igjen i Israel skal måtte avleggje ein truskapseid til staten.

Politiske observatørar i Israel trur det nettopp er dette utspelet som har ført til det store hoppet på meiningsmålingane. Dei arabiske israelarane utgjer over 20 prosent av innbyggjartalet i landet, og mange israelarar fryktar at dette kan få alvorlege følgjer for Israel som ein jødisk stat.

Både Likud og Kadima har sagt at dei kan samarbeide med Lieberman og partiet hans. Dermed kan han velje den koalisjonen som vil gi han den viktigaste statsrådsposten, og lovar å støtte merkesakene hans. Også Arbeidarpartiet har sagt at dei kan samarbeide med han.

Sjansen er stor for at partiet kjem på vippen i Knesset, og det gjer Lieberman til ein av dei mektigaste aktørane i israelsk politikk akkurat no.

Partiet har 11 plassar i Knesset i dag, men målingar viser at partiet kan få rundt 18 etter valet.

Shas

Det ultraortodokse Shas-partiet har vore ein viktig matkfaktor i israelsk politikk i mange år. Partiet har delteke i fleire regjeringskoalisjonar, og historia har vist at det har vore vanskeleg å danne regjering utan støtte frå nettopp dette partiet.

Tzipi Livni greidde ikkje å få støtte frå Shas då ho prøvde å danne regjering i fjor haust. Men ved det komande valet kan det synest som om "Israel Beiteinu" har overteke denne rolla.

Shas har i dag 12 representantar i Knesset. Veljarane deira er i stor grad ortodokse jødar med bakgrunn frå andre land i Midtausten. Partileiaren er den 88 år gamle, irakiskfødde rabbien Ovadia Yosef.

Andre parti

Småparti av ymse slag har i dag nesten ein tredel av plassane i Knesset. Venstreorienterte Meretz har fem plassar, og er ikkje med i koalisjonen i dag.

Saman med dei arabiske partia Hadash, United Arab List og Balad, som i alt har 10 representantar i Knesset, går Meretz inn for å gjere store innrømmingar for å oppnå fred med palestinararne og dei arabiske nabolanda.

United Torah Juadaism har seks representantar i Knesset, og dette partiet representerer ultraortodokse jødar av europeisk avstamming.

Pensjonistpartiet har sju plassar i nasjonalforsamlinga, og dette partiet arbeider for dei eldre sine rettar.

Samlesekken "andre parti" har i dag 37 plassar i nasjonalforsamlinga, og meiningsmålingar gir dei same partia 27 plassar i det nye Knesset.

Valet er i gang i dei væpna styrkane i Israel.

Ein israelsk grensepolitimann på Vestbreidda avgir si stemme alt 9. februar.

Foto: Bernat Armangue / AP

SISTE NYTT

Siste nytt