NRK Meny
Normal

Kaos på grensa til Austerrike

I periodar mistar grensepolitiet kontrollen over innpasseringane frå Slovenia.

flyktninger presser på til Østerrike.

TV-bilda viser militærpoliti som har hende fulle med å organisere køen inn til Austerrike. I periodar blir presset på gjerda så veldig, at dei må opne opp for å hindre at folk blir klemt i hel. Kvinner med små born blir løfta over gjerdet.

Slovenia Migrants

Politiet prøver å kontrollere menneskemengda på grensa til Austerrike.

Foto: Darko Bandic / Ap

Nokon har blitt trakka på og ligg på bakken og får behandling av frivillige.

Hundre tusen til Slovenia på tolv dagar

Presset på den slovensk-austerrikske grensa byrja då Ungarn hadde gjerda inne heile sin sørlege flanke. Ifølgje slovenske styremakter har det kome 100-tusen flyktningar til grensa dei siste 12 dagane.

EUROPE-MIGRANTS/SLOVENIA Migrants walk over a fence as they wait to cross the border into Spielfeld in Austria from the village of Sentilj

Gjerde blir trakka ned i trengsla.

Foto: SRDJAN ZIVULOVIC / Reuters

Slovenia har hatt store problem med å organisere transitten frå Kroatia. No har problemet også forplanta seg til grensa nord om Maribor til Austerrike.

Laster Twitter-innhold

Lite respons på bøn om hjelp

Slovenia, Kroatia og Serbia har bedt EU om bistand for å hjelpe dei mange som kjem. men talskvinne for EU-kommisjonen Natasha Bertaud seier at berre 8 land har svart på bøna. Hun har på Twitter i dag publisert listene som viser kva flyktningane i de ulike EU landa treng av varme og vasstette klede, soveposar, senger og telt.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt