NRK Meny
Normal

Kaos på britiske flyplassar

Passasjerar må stå i timeslange køar. Reisande får ikkje vite kvifor av norske flyselskap.

Lange køer på Stansted utenfor London
Foto: MAX NASH / AFP

Britiske flyplassar skjerpa i haust tryggleikskrava. Årsaka var avdekkinga av planane om å sprenge fleire fly over Atlanterhavet.

Det britiske luftfartstilsynet har i etterkant innført strenge krav.

Alt flytande og veskeliknande stoff er det ikkje lenger mogeleg å ha i bagasjen. Til dømes er det ikkje lenger mogeleg å kjøpe drikke før ein passerer tryggleikskontrollen.

Dette må du kjøpe i eigne butikkar etter kontrollen. Svært få passasjerar veit om reglane på førehand og må difor bruke ekstra lang tid gjennom tryggleikskontrollen.

Nordmenn veit ingenting

Tusenvis av passasjerar reiser kvart år frå Noreg til Storbritannia. Så langt i år har svært få fått vite noko som helst om dei nye krava frå norske flyselskap.

- Vi visste ingenting. Det er utruleg rart at Norwegian ikkje sa noko om dette før me reiste.

Ekteparet Turid og Jonny Nordmoen reiste til England sist helg og var blant svært mange nordmenn som var fortvila.

- Vi reiste hit ekstra tidleg og planlagde å ete før flyet tok av. No er det berre ein halvtime igjen til vi skal møte ved utgangen, seier paret i det dei enda ikkje har kome fram til tryggleikskontrollen.

NRK Her&Nå snakka sist helg med over tretti reisande på Stansted flyplass like utanfor London. Ingen hadde fått vite noko om dei nye reglane før dei reiste. Reisande frå Heatrow, Gatwick og Manchester fortel NRK om det same.

Møt opp ekstra tidleg

- Det einaste eg kan seie er at alle passasjerar bør møte opp så tidleg som mogeleg. Helst tre timar før avreise, dersom ein ønskjer tid innanfor tryggleikskontrollen.

 

Vi informerer så godt som råd med store skilt på flyplassen, men det er leit at flyselskapa ikkje informerer betre.

Kommunikasjonsdirektør ved Stansted, Mark Penglington

 

Mark Penglington er kommunikasjonsdirektør ved Stansted flyplass og orsakar at nordmenn som alle andre må vente så lenge før ein kan passere kontrollen.

- Vi har det slik nesten kvar dag og særleg i rushtidene. Det er dei nye tryggleikstiltaka som gjer at køane vert ekstra lenge.

- Kva har de gjort for å hindre dette?

- Vi vil i løpet av kort tid tilsette 160 nye i tryggleikskontrollen. I tillegg informerer vi så godt som råd med store skilt på flyplassen, men det er leit at flyselskapa ikkje informerer betre, svarer Penglington.

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt