– Dette er det første klare beviset for mesolittisk nærvær på denne øya, seier steinalderekspert Andrew David ifølgje The Guardian.
Takka vere kaninar på den vesle øya Skokholm utanfor kysten av Wales, har ein avrunda rullestein blitt funnen.
Steinen viste seg å vere eit verktøy brukt av menneske i steinalderen. Arkeologar seier det er eit fantastisk funn.
Det gamle verktøyet blei funne utanfor eit kaninhol på øya.
Foto: RICHARD BROWN/GISELLE EAGLEFunne i kaninhol
Skokholm er ei avsidesliggande øy om lag fire kilometer frå kysten. Øya er eit fuglereservat, og er kjent for å huse titusenvis av sjøfuglar.
Det bur berre to fastbuande forstandarar på øya. Dei overvaker dyrelivet og tar imot besøkande som ønsker å komme tett på naturen. På grunn av koronapandemien er øya no stengt for besøk.
Skokholm ligg omtrent fire kilometer frå kysten av Wales på Storbritannia.
Forstandarane, Richard Brown og Giselle Eagle, gjorde det uvanlege funnet tidlegare i mars. Steinalder-verktøyet var grave opp frå eit kaninhol.
Bileta blei sende til arkeologar på Storbritannia, som antok at det var i bruk for rundt 9000 år sidan.
Verktøyet kan ha hatt fleire bruksområde, som behandling av selpels og matlaging, forklarar David.
Skokholm og naboøya Skomer er mest kjend for sitt rike dyreliv. No har kaninane blitt arkeologar.
Foto: Rebecca Naden / Reuters– Ny kunnskap
Lucia Koxvold er arkeolog ved Kulturhistorisk museum i Oslo. Ho seier det er artig at kaninane på øya har grave fram spor frå fortida.
– Det gir oss ein ny og oppdatert kunnskap om rørslene og kontaktnettverka til menneske. Og utbreiinga av gjenstandar, seier ho.
Arkeolog Lucia Koxvold synest det er artig at kaninane har grave fram gjenstandar frå fortida.
Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRKDet er gjort fleire funn av liknande steinverktøy på Storbritannia.
At ein finn dei på små øyar i havet, viser at forhistoriske menneske var knytt saman trass i store avstandar, forklarer Koxsvold.
– Vi tenkjer ofte at slik øyar alltid har vore øyde, men dei har kanskje vore viktigare enn ein trur, seier ho.
Skokholm og naboøya Skomer er mest kjend for sitt rike dyreliv. No har kaninane blitt arkeologar.
Foto: Rebecca Naden / ReutersFleire funn
Kaninane på Skokholm viste seg å ikkje å vere ferdige med arkeologijobben. Dagen etter funnet av rullesteinen, fann Brown og Eagle eit stort potteskår ved kaninholet.
Det viste seg å vere 3750 år gammalt, og første av dette slaget funne på øya.
Potteskaret kjem frå bronsealderen og er nesten 4000 år gammalt.
Foto: RICHARD BROWN/GISELLE EAGLEDet to funna kan tyde på at det har vore fleire busetjingar på den vesle øya gjennom historia.
– Skokholm har gitt oss nokre fantastiske forhistoriske funn. Det ser ut som ein gravplass frå tidleg bronsealder er bygd over ei busetting frå steinalderen, seier arkeolog Jody Deacon til BBC.



Ho seier det tydeleg at folk har levd på øya i tusenvis av år.
Når koronarestriksjonane tillèt det, vil arkeologar besøke øya for å undersøke kva som finst gøymt under jorda.
Øya Skokholm ligg i havgapet mellom Storbitannia og Irland.
Foto: RICHARD BROWN/GISELLE EAGLE