NRK Meny
Normal

Frå småbarnsmor i Canada til opprørssoldat i Syria

Ei kanadisk kvinne hevdar å ha reist frå familien sin i Toronto til Syria for å kjempa side om side med opprørarane i Den frie syriske hæren (FSA).

Thwaiba Kanafani

Den kanadiske sivilingeniøren Thwaiba Kanafani har to born på 3 og 6 år heime i Toronto. I mai forlét ho familien for å bli opprørssoldat i fødelandet Syria.

Foto: Ap

Det tyrkiske nyheitsbyrået Anadolu intervjua kvinna søndag i ein av dei krigsherja bygningane i storbyen Aleppo, der regimet starta ein stor-offensiv mot opprørarane før helga.

Thwaiba Kanafani har på seg militærmønstra uniform og snakkar arabisk i intervjuet. Ho er flankert av væpna opprørssoldatar og har sjølv eit våpen på fanget.

41-åringen seier ho er kanadisk statsborgar, sivilingeniør og mor til to born: Omar (6) og Gazal (3).

– Revolusjonen har påverka meg svært mykje på grunn av alle overgrepa og lovbrota, seier kvinna.

– Grufulle lovbrot som drap på kvinner, born, eldre, uavhengig av om dei har delteke i demonstrasjonane eller ikkje. Folk blir drepne i heimane sine. Dette er veldig trist og burde ikkje skje. Det er dette som fekk meg til å koma hit og kjempa side om side med dei unge, legg den ferske soldaten til.

Thwaiba Kanafani

Thwaiba Kanafani (i midten) saman med andre opprørssoldatar i Aleppo i Syria.

Foto: Ap

Frå Facebook-aktivist til soldat

Kanafani vaks opp i den syriske hovudstaden Damaskus, og flytta til Canada i 2002, skriv den riksdekkjande kanadiske avisa National Post, som intervjua henne i midten av juli.

I Toronto driv ho eit firma som tilbyr rådgjeving relatert til solenergi-system, ifølgje avisa.

Kanadiaren fortel at ho har fulgt opprøret i Syria heilt sidan det starta for 16 månader sidan. Ho har engasjert seg for opposisjonen i landet via Facebook og andre sosiale media.

Etterkvart som valden i fødelandet eskalerte, bestemte Kanafani seg for at engasjementet via nettet ikkje var nok.

For ein månad drog ho frå familien sin i Toronto i Canada til det krigsherja landet for å bidra som soldat på opprørarane si side i den blodige borgarkrigen.

I ein video lagt ut på YouTube den 7.juli kunngjer Kanafani at ho har verva seg til FSA.

– Det hadde hopa seg opp så mykje sorg, sinne og andre kjensler. Eg hadde nådd eit punkt, der eg tenkte at eg burdre dra og verva meg, bidra, prøva å gjera noko, seier småbarnsmora til nyheitsbyrået Anadolu.

Thwaiba Kanafani

Slik ser Thwaiba Kanafani ut på profilbiletet ho la ut på Facebook før ho reiste til Syria.

Foto: Privat / Facebook

200.000 har flykta på to dagar

Kanafani oppheld seg no i den største byen i Syria, Aleppo, der det i ei veke har vore harde kampar mellom partane i borgarkrigen.

Dei siste dagane har president Bashar al-Assad sendt inn forsterkningar i form av kamphelikopter, stridsvogner og spesialstyrkar.

Berre i løpet av dei siste to dagane har 200.000 menneske flykta frå byen med oppimot tre millionar innbyggjarar. Flyktningstraumen frå Syria går hovudsakleg til nabolanda Tyrkia, Jordan, Libanon og Irak. I løpet av helga har det også kome syriske flyktningar over grensa til Algerie.

20.000 menneske er drepne sidan opprøret mot regimet til president Bashar al-Assad starta i mars i fjor, ifølgje aktivistar.

Militære Aleppo

Slaget om Aleppo starta før helga. Det har vore harde kampar i den store byen, og 200.000 rømde frå byen i løpet av berre to dagar, ifølgje FN.

Foto: Fadi Zaidan / Ap



Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt