NRK Meny
Normal

Kan vrakfunnet løyse MH370-mysteriet?

Etterforskarar har leita etter spor av det sakna flyet frå Malaysia Airlines sidan det forsvann i mars 2014. No kan ein bit vere funnen, men vil det gje alle svar?

FRANCE-OVERSEAS-REUNION-ACCIDENT-AVIATION-INVESTIGATION

Vrakdelen er no sendt til Frankrike for undersøkingar. Men kan den gje svar på MH370-mysteriet?

Foto: YANNICK PITON / Afp

Produksjonsnumre som er stempla inn på vrakdelen skal kunne gje svar på om delen tilhøyrar MH370 – flyet som har vore sakna i snart halvanna år.

Sjølv om havet har fjerna nummeret, vil ein ved hjelp av etterforsking kunne slå fast om flaperonen (ein del av ei flyvengje) høyrer til MH370.

Og moglegheitene er særs store for at delen tilhøyrar MH370. Flyfartsekspertar meiner vengjedelen som er funnen høyrer heime på ein Boeing 777, og det er berre eit einaste fly av denne typen som er sakna sør for ekvator, nemleg MH370.

Det er brukt milliardar av kroner på å prøve å finne flyet. Men det er framleis mange spørsmål kring MH370-mysteriet. Vil flaperonen gje nokre svar?

  • Vil ein kunne seie noko om kvifor flyet styrta?

Nei, flydelen kan ikkje seie noko om årsaka til styrten. Men om flyet har styrta i Det indiske hav, slik mange har trudd tidlegare, så veit ein at flyet var på veg sørover sjølv om det eigentleg skulle stikk motsett retning.

Kvifor flyet likevel har flydd sørover vil bli verande eit mysterium, uavhengig av funnet av flydelen. Også tidlegare analysar har vist at flyet var på veg sørover, dette vart mellom anna stadfesta av Malaysia Airlines sjølve. Den siste kjente posisjonen var vest for Perth i Australia, har flyselskapet sagt.

Det er mange teoriar om kvifor flyet er borte. Nokre har peika på flykapteinen, og meiner flyet må ha blitt styrta med vilje. Det er ingenting som tyder på terrorisme.

Det vart aldri sendt ut noko naudsignal frå flyet som plutseleg forsvann frå radaren.

MH370

Kartet viser kor flydelen vart funnen, samt avreisestad, Kuala Lumpur, og ankomststad, Beijing. Vest for Australia er leiteområdet merkja av. Ekspertar meiner flyet kan ha blitts att på autopilot og flydd fram til det var tom for drivstoff. Basert på tilgjengeleg data har ekspertane rekna seg fram til at flyet i så fall skal ha styrta ein eller annan stad langs den markerte aksa.

Foto: Marco Vaglieri / NRK
  • Vil ein kunne slå fast kor flyet styrta?

Leiteområdet har vore konsentrert rundt det søraustlege Indiahavet, aust for Australia. Ekspertar trur flyet kan ha blitt sett i autopilot i retning sør, og leitearbeidet går føre seg i ein akse vest for Australia, der ekspertane meiner at flyet kan ha flydd heilt til det gjekk tom for drivstoff.

Dei baserer dette på den informasjonen dei har tilgjengeleg frå satellittar og ulike signal.

Dette området er uansett langt frå Reunion, men likevel i same hav. Om det er her flyet har styrta, så er dette sør for Malaysia, sjølv om flyet eigentleg skulle frå Malaysia og nordover mot Kina. Då er spørsmålet framleis det same: Kvifor flaug flyet i stikk motsett retning?

Vrakdelen vil helle ikkje gje eit nøyaktig svar på kor flyet styrta, fordi det ikkje er mogleg å kartlegge havstraumane nøyaktig.

Men sjølv om havstraumane er vanskelege å få oversikt over, så har eit australsk universitet forsøkt å rekne ut kor lang tid det vil ta for vrakdelar å flyte frå området ein har leita i, og til ulike stader i verda.

Grafikken til University of Western Australia viser at det vil ta frå 18 til 24 månader for vrakdelane å nå austsida av Madagaskar der Reunion ligg. Det har no gått 16 månader og tre veker sidan styrten.

(Saka held fram under grafikken)

Grafikk MH370

Grafikken frå The University of Western Australia viser moglege vegar som flydelane kan ha tatt sidan flyet styrta, om det har styrta vest for Australia.

Foto: © Charitha Pattiaratchi
  • Vil det føre til endringar i leitearbeidet etter vraket?

Hovuddelen av leitearbeidet har vore utanfor kysten av Australia, men om vrakdelar er funne så langt borte som på Reunion, så er det naturleg å tru at ein vil leite meir aktivt i områda aust for Afrika etter andre vrakedelar.

Men slike funn vil altså ikkje kunne seie så mykje meir om kor flyet til slutt styrta, og kor resten av flykroppen finn seg.

Funnet vil ikkje endre stort. Både årsak og styrtstad blir verande ukjente. Ein vil kunne lokalisere styrten til Det indiske hav, men det er samstundes eit enormt stort hav.

Om flydelen skulle høyre til MH370, så kan ein i det minste slå fast at leitearbeidet utanfor Australia ikkje nødvendigvis var i feil område, slik mange meinte.

Ein kan også kaste alle konspirasjonsteoriar om at det har flydd til andre område, eller at det har landa trygt ein eller annan stad, slik som i Nord-Korea.

Det har også vore venta at flydelar vil flyte i land ein eller annan stad, så funnet av vengjedelen kjem som venta, om det skulle vise seg at den tilhøyrar MH370.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt