Hopp til innhold

Kan vere på veg mot ein ny kald krig

Forholdet mellom Russland og Vesten blir stadig kjøligare. Utvisinga av russiske diplomatar frå ei fleire land, er den siste saka i ei rekke som er i ferd med å bidra til dette, seier Russland-ekspert.

Sergej Skripal og datteren Julia

Den russiske eksspionen Sergej Skripal og dottera Julia blei forgifta i Salisbury. Storbritannia meiner Russland står bak, og utviste fleire russiske diplomatar. No har fleire land følgd etter, og utvist til saman over 100 russiske diplomatar.

Foto: REX/Shutterstock / Shutterstock

Over 100 russiske diplomatar blei måndag utviste frå ei rekke land som ei straff etter nervegiftangrepet i Storbritannia. Ifølge Storbritannia er det Russland som står bak forgiftinga av ein russisk eks-spion og dottera hans. Dette nektar Russland for, og krev bevis.

Julie Wilhelmsen

Seniorforskar Julie Wilhelmsen ved NUPI, seier masseutvisinga av russiske diplomatar kjem på eit tidspunkt der diplomatiet kunne ha spelt ei viktig rolle.

Foto: NRK

Dette er den siste i rekka av saker som gjer forholdet mellom Vesten og Russland stadig vanskelegare, seier seniorforskar ved NUPI, Julie Wilhelmsen.

– Vi ser at det er stadig fleire saker som er med å trekke forholdet mellom Russland og Vesten nedover. Dette er enkeltsaker som får store konsekvensar.

Ho meiner masseutvisinga kjem på eit uheldig tidspunkt.

– Sidan 2014 har det vore lite kontakt mellom Russland og vestlege statsleiarar, og vi er no i ein konfliktliknande tilstand. I denne situasjonen burde diplomatiet spelt ei viktig rolle.

Mot ny kald krig?

Den spente situasjonen mellom aust og vest har også fått fleire til å spørje seg om vi er i ferd med å gå inn i ein ny periode med kald krig. Ein av dei er den amerikanske advokaten Bruce Fein, som har spesialisert seg på grunnlovsrett.

– Eg meiner vi er på veg mot ein ny kald krig, tilbake til tida med Cuba-krisa, om du vil. Eg kan ikkje sjå nokon stad i verda, inkludert i Syria og Iran, der USA og Russland er på linje med kvarandre, seier han ifølge nyheitsbyrået AP.

Og det kan Wilhelmsen langt på veg vere einig i.

– Vi ser mekanismar som vi også såg under starten av den kalde krigen. Der er ein grunnleggande mistillit som gjer at alt som skjer, blir tolka som negativt av motparten.

Ønsker å bli lagt merke til

Men alt oppstyret, kan vere eit gode for russarane, trur Russland-forskar og direktør i Nova, Iver Neumann. Det kan vere med å posisjonere Russland.

Statsminister Erna Solberg om Listhaugs avgang.

Statsminister Erna Solberg håper Noreg framleis kan ha ein god dialog med Russland, sjølv om forholdet mellom russarane og vestlege land er svært kjølig no.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Russarane tenker med nostalgi på den kalde krigen, då dei var eitt av dei to mektigaste landa i verda. No er Russland mindre og svakare, og dei har problem med å bli lagde merke til, seier han.

Statsminister Erna Solberg vedgår at det er ein krevjande situasjon, men ho håper likevel at Noreg skal få til ein dialog med russarane.

– Det fryser situasjonen mellom Russland, Nato og vestlege land. Men Eg håper vi ikkje går tilbake til ein kald krig. Vi er ikkje der enno, seier ho til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt