Hopp til innhold

Kan Trump snakke usant utan at det får konsekvensar?

Fleire amerikanske kommentatorar meiner det.

US-ROMANIA-DIPLOMACY-TRUMP-IOHANNIS

VISUMSAMTALAR ELLER IKKJE? President Iohannis seier han og Trump snakka om enklare visumprosedyre for rumenske borgarar, men Trump seier dei ikkje gjorde det.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP

Demokratane hadde store forventningar til tidlegare FBI-direktør James Comey sitt vitnemål i senatet denne veka.

Dei skuldar Trump-kampanjen for å stele valsigeren ved hjelp av russisk innblanding, og etterpå å ha prøvd å hindre FBI å etterforske saka.

To demokratiske representantar har alt byrja å forme forslag for å få Trump stilt for riksrett for obstruksjon av loven.

– Fekk sparken på grunn av måten eg gjennomførte Russland-etterforskinga på

Comey vart grilla i samband med den løpande granskinga av Russlands innblanding i valkampen. 8 juni vart han grilla i fleire timar av Senatets etterretningskomite, og kom med fleire alvorlege skuldingar mot Trump.

  1. Comey hevdar han fekk sparken på grunn av måten han handterte Russland-etterforskinga på. Men Trump bad han ikkje om å stoppe etterforskinga.
  2. Comey tolka det som at Trump bad han om å vere lojal, ved å fleire gangar be han om å bli i jobben.
  3. Trump bad han om å legge vekk etterforskinga av den tidlegare sikkerheitsrådgjevaren Michael Flynn. Men det var ingen direkte ordre.
  4. Comey noterte ned alle samtalar med Trump, fordi han var redd Trump ville lyge om kva dei snakka om.
  5. Trump lyg om at det var kaos i FBI.
  6. Comey lekka notata frå møtet der Trump bad han om å droppe etterforskinga av Michael Flynn. Håpet var at det ville føre til ei gransking.
  7. Comey har gjeve notata sine til granskingskommisjonen, og han håpar Trump har lydopptak av samtalane mellom dei to.
APTOPIX Comey

KLAR TIL Å VITNE: Den sparka FBI-direktøren James Comey gjer seg klar til å vitne for senatet. Comey kom med alvorlege skuldingar mot Trump.

Foto: Andrew Harnik / AP

Trump slo tilbake

Under ein pressekonferanse i går, saman med Romanias president Klaus Iohannis, gjekk Donald Trump til kraftig motangrep på den sparka FBI-direktøren James Comey.

Ein forsmak på breisida mot Comey kom på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Trump avviste at han hadde bedd Comey legge til side etterforskinga av hans tidlegare sikkerheitsrådgjevar Michael Flynn.

– Det har eg aldri sagt, og det hadde ikkje vore noko feil om eg hadde bedt han om å seie det, men eg sa det ikkje, var svaret til Trump.

Trump kom med ei rekke oppsiktsvekkande utspel under pressekonferansen:

Dette sa Trump under pressekonferansen:

  1. Han skulda den tidlegare FBI-direktøren for ikkje å seie sanninga under eid.
  2. Han avviser at han hadde bedt Comey om å vere lojal.
  3. Han slo fast at vitnemålet til Comey beviste at det ikkje hadde vore noko samansverjing med Russland, eller forsøk på å hindre FBIs etterforsking.
  4. Han avviste at han diskuterte ein forenkla visumsøknadsprosedyre for rumenske borgarar, sjølv om president Iohannis sa at dei gjorde det.
  5. Trump ville ikkje seie om han har lydopptak av samtalar mellom han og Comey.
  6. Han sa seg 100 % villig til å vitne for etterforskingskommisjonen.
  7. På spørsmål frå ein reporter, forplikta han seg til Natos artikkel 5. Noko som skapte overskrifter i Europa.
  8. Han kritiserte Qatar, og hylla Saudi-Arabia, ein time etter at hans eigen utanriksminister hadde bedt Saudi-Arabia om å lette på presset mot Qatar.

Har Trump snakka seg inn i eit hjørne?

Demokratiske kommentatorar diskuterer no om utspela til Trump får konsekvensar. Til dømes, vil lovnaden om å vitne under eid, føre til at han faktisk gjer det?

Laster Twitter-innhold

Ein tidlegare rådgjevar til Barack Obama, meiner Trump har ein slags politisk immunitet.

For uansett kva Trump seier eller gjer, vil republikanarane beskytte han mot kritikk og ikkje minst riksrett, sa Dan Pfeiffer i sin podkast «Pod Save America» på torsdag.

Laster Twitter-innhold

Som demokrat vedgår han at det er litt deprimerande.

Republikanarane har fleirtal i begge kammera i kongressen. Og dei er avhengige av Trump. Sjølv om presidenten har lav oppslutning, så treng republikanske representantar stemmene til Trump-veljarane.

– Det finst ikkje det brotsverk han (Trump) kan gjere, som vil få republikanarane til å reagere, på noverande tidspunkt, sa Pfeiffer i podkasten.

Difor er ifølgje Pfeiffer, få republikanarar villige til å kritisere Trump, og enda mindre lystne er dei på å stille han for riksrett.

Sjå James Comey vitne i Senatet

Har Trump gjort noko ulovleg?

Ukraine Journalist's Death

FORSVARAR TRUMP: Advokat og Harvard-professor Alan Dershowitz meiner at ein amerikansk president har vide fullmakter og at Trump ikkje har gjort noko ulovleg.

Foto: Sergei Chuzavkov / Ap

Forfatningsekspert Alan Dershowitz seier til Fox News at sjølv om det vil bli bevist at Trump har forsøkt å hindre ei FBI-etterforsking, så er han i sin fulle rett til å gjere det.

– Presidenten har makt til å be direktøren for FBI å stoppe etterforsking mot kven som helst, sa Dershowitz til Fox News.

Han legg til at Trump hadde anledning til å hindre Comey frå å vitne, men at han lét han gjere det likevel.

Men fleire jusekspertar er usamde i denne analysen.

Mellom anna ein veteranar frå teamet som etterforska Watergate-skandalen. Philip Allen Lacovara skriv i ein kommentar i Washington Post, at han meiner Comeys vitnemål er nok bevis til å reise sak mot Trump for obstruksjon av loven, ved å hindre ei FBI-etterforsking.

Noko som er eit føderalt brotsverk. Lacovara legg følgande til grunn:

  1. Trump ba Comey legge etterforskinga av Flynn til side.
  2. Trump tømde rommet for vitne før samtalar med Comey.
  3. Trump hinta til at Comey kunne få sparken.

Men han legg til at det framleis er eit ope spørsmål om ein sittande president kan bli tiltalt.

– Det rådet eg gav til Watergate-aktoratet, var at presidenten (Nixon) ikkje har immunitet mot straffelova. Men andre i justisdepartementet har eit anna synspunkt, skriv Lacovara.

Jus eller politikk?

Redaktøren for bloggen Lawfare, Benjamin Wittes, seier at det er politikarane i kongressen som må stille ein president for riksrett.

Og så lenge Trump gjer det godt på meiningsmålingane, vil det vere vanskeleg å sjå at det vil skje.

For Trump er ikkje så upopulær som mange vil ha det til.

– 38 prosent oppslutning ser ille ut, men er ikkje ulikt den til Bill Clinton på same tid i hans presidentperiode, og Clinton vart attvalt med god margin, skriv Benjamin Wittes.

Og i politikken gjeld ikkje den gamle regelen om at ein ikkje sparkar nokon som ligg nede:

– Der er regelen at du berre sparkar ein som ligg nede, og mange republikanarar vil ikkje byrje å sparke før dei veit han ligg nede, men da vil dei sparke, skriv Wittes.

SISTE NYTT

Siste nytt