NRK Meny
Normal

Kan ta månader å få ut pirat-gislar

Det kan ta opp til ni månader å å få sett fri den danske barnefamilien som er bortført av piratar utanfor Afrikas Horn.

Dansk familie bortført av piratar utanfor Somalia

Den danske familien fortalde om seilaset dei skulle ut på i ein reportasje på dansk fjernsyn i juli 2009.

Foto: Danmarks Radio

Ein yacht med sju danskar, blant dei tre born, blei torsdag førre veke tekne av piratar då dei sigla i farvatnet utanfor Afrikas horn og Somalia.

I går blei kapringa kjend i media, og det danske krigsskipet «Esben Snarer» er no på veg mot Somalias kyst.

Ein ekspert på tryggleik til havs seier til Danmarks Radio at barnefamilien truleg vil koma frå kapringa med livet i behald.

Det kan likevel ta tid å få piratane til å lauslata danskane, meiner visedirektøren i Dansk Rederiforening, Jan Fritz Hansen.

– Det kan gå fleire månader å få sett fri dei kapra danskane. Det tek typisk mellom seks og ni månader før forhandlarane og piratane vert samde, fortel Hansen til Berlingske Tidende.

Frykta piratåtak

Familien frå den vesle sjællandske byen Kalundborg la i 2009 ut på det som skulle vera ei oppleving for livet. Foreldra til tre born i alderen 13 til 17 år og to vener tok farvel med hus, heim, kjende og kjære og sette kursen mot ein to år lang jordomseiling.

Så langt på ferda har dei vore i Sør-Amerika, på Fiji og i Thailand, og har heile tida heldt vener og familie heime oppdaterte via ein reiseblogg.

Siste innlegg i bloggen er skrive dagen før kapringa, og vitnar om at dei var redde for piratåtak:

«23. februar: Der er ikke sket en disse ud over det normale. Vi lavede lektier, satte fiskegrejet, sov, læste og forfra igen. Så et skib klokken 9 om aftenen. Og vi er IKKE blevet boret af pirater».

Hadde piratplan

Ifølgje den danske avisa Berlingske Tidende, var barnefamilien velvitande om at dei sigla i farefulle farvatn. Kort tid før kapringa fann stad, opplyste dei på bloggen at dei hadde laga ein piratplan.

På veg frå Maldivane til Afrika den 19.februar, skriv dei at dei i piratplanen har gjort greie for kven som skulle gjera kva dersom dei blei angripne, i tillegg til å kvar dag oppgje sin posisjon og status til den væpna marinestyrken UMKTO.

Den nærmaste naboen til familien, som også passar katten deira medan dei er på reise, er sjokkert over at dei no er tekne til fange av piratar.

– Eg skulle ønske eg kunne vakna opp i morgon og innsjå at dette slett ikkje er skjedd. Ein kjenner seg så makteslaus, seier Erna Busch til DR.

759 piratgislar

Fleire danskar har i dei seinare år vorte haldne som gislar av somaliske piratar. Per i dag er 33 skip med totalt 759 sjøfolk tekne. I januar åleine blei 35 skip angripne av piratar i områda utanfor Somalia.

Berre to dagar før danskane vart kapra, blei fire amerikanarar drepne om bord på sin seglbåt av somaliske piratar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt