Hopp til innhold

Kan setjast fri snart

Opposisjonsleiar Aung San Suu Kyi, kan truleg sleppe ut frå husarrest om eit halvt år, ifølgje utanriksminister Nyan Win i Burma.

Aung San Suu Kyi
Foto: DADANG TRI / REUTERS

Forlenginga av husarresten til Aung San Suu Kyi i juni i år har fått kritikk internasjonalt.

- Eit halvt år att

I helga gjentok Samanslutninga av søraustasiatiske land (ASEAN) oppmodinga til militærjuntaen i Burma om å sleppe opposisjonsleiaren fri.

I møte med utanriksministrar frå alle dei ti medlemslanda sa utanriksminister Nyan Win i Burma at Suu Kyi kan sleppe ut frå husarrest innan seks månadar. Det stadfestar utanriksminister George Yeo i Singapore, skriv politiken.dk

13 år i fengsel

Ifølgje gjeldande lovar i Burma, kan ikkje Suu Kyi sitje fengsla i meir enn fem år utan dom.

Sidan 1989 har ho sete fengsla i snart 13 år samanlagt.

Ho vart arrestert fyrste gong i 1989 og sat då fengsla i seks år. I 2000 vart ho arrestert igjen, for to år, før ho vart arrestert for tredje gong i mai 2003.

Suu Kyi skulle etter planen setjast fri 27. mai i år, men militærjuntaen bestemte seg for å forlenge husarresten.

Les: Suu Kyi fortsatt i arrest

SISTE NYTT

Siste nytt