Hopp til innhold

Flyfall-mysteriet var ikkje løyst likevel

Britiske Sky News har no trekt saka der dei identifiserte mannen som fall frå hjulbrønnen til eit Kenya Airways-fly ned ein hage i London 2. juli i år. Sentrale kjelder vedgår at dei har snakka usant.

Skadar i hagen etter mann fall frå fly

Mannen fall frå eit passasjerfly og knuste ei steinplate i ein hage i Clapham Common i London 2. juli i år.

Foto: SWNS / SWNS

Det var i den normalt rolege gata Offerton Road i Clapham Common i London det skjedde. Ein mann låg på ei solseng i hagen sin då ei stor isblokk landa berre ein meter frå han. Inne i isblokka var ein død mann, og det vart slått fast at han hadde falle frå eit fly som var i ferd med å lande på Heathrow-flyplassen litt utanfor byen .

Britisk politi har ikkje greidd å identifisere mannen, bortsett frå at han truleg er afrikansk. Det har vore spekulert i om at mannen var ein tilsett ved Jomo Kenyatta-flyplassen i den kenyanske hovudstaden Nairobi, men representantar for flyplassen har avvist dette.

NRK skreiv onsdag at mannen truleg var identifisert - dette viser seg altså ikkje å vere rett.

Snakka med kollegaer

Dataannimert bilete av mannen som fall frå eit fly i London 2. juli 2019.

Dette er eit datagenerert bilete som London-politiet har laga av mannen som fall frå eit fly i London 2. juli i år.

Foto: London metropolitan Police

Journalistar frå Sky News correction | World News | Sky News bestemte seg for å prøve å finne ut kven den ukjende mannen var. I Nairobi kom dei i kontakt med ein drosjesjåfør som fortalde at det var ein sakna mann eit selskap som arbeidde med reinhald på flyplassen.

Dei britiske journalistane møtte nokre tilsette i selskapet på ein pub ikkje langt frå flyplassen, og ei ung kvinne dei snakka med fortalde at den døde mannen truleg var ein sakna kollega, som også var kjærasten hennar.

Sky News-laget viste fram bilete av den døde mannen til kvinna, og ho sa at det høgst truleg var den sakna Paul Manyasi. Ho kjende igjen ryggsekken som vart funnen i hjulbrønnen som hans.

No viser det seg at Paul Manyasi er høgst levande, og at han sit i fengsel.

Fly frå Kenya Airways på Jomo Kenyatta-flyplassen i Nairobi.

Mannen hadde greidd å kom seg inn i hjulbrønnen på eit parkert fly frå Kenya Airways. 2. juli i år fall han ned i ein hage i London.

Foto: Thomas Mukoya / Reuters

– Kontroll på alle tilsette

Journalistane konfronterte leiinga på flyplassen og leiinga i reingjeringsselskapet med det dei hadde funne ut, men begge partar avviste at nokon av deira tilsette var sakna. Dei hadde full kontroll på alle tilsette, forsikra dei.

Sky News gav seg ikkje med dette. Dei reiste vidare ut på den fattige landsbygda utanfor den kenyanske hovudstaden. Her fann dei foreldra til Paul Manyasi saman med fem born i eit lite hus. Paul var eldst i syskenflokken, fortalde dei, og dei visste at han jobba i Nairobi. Dei hadde ikkje høyrt frå han sidan byrjinga av juli, fortalde dei.

Då dei såg biletet av den døde som journalistane hadde med seg, stadfesta foreldra at det truleg var snakk om sonen Paul. No vedgår faren at han ikkje snakka sant til journalistane frå Sky News, og at sonen sit i fengsel i Kenya.

SISTE NYTT

Siste nytt