Korrespondentbrev

Kan eit pulsoksimeter redde livet ditt?

– Kva har eg lært etter fire reportasjeturar til det koronaherja Italia dei siste to månadane? At eit pulsoksimeter kanskje kan redde livet ditt.

NRKs korrespondent intervjuar Andrea Fillipin, italias mest kjende lege for tida ved sjukehuset i Codogno.

NRKs korrespondent intervjuar italias mest kjende lege, Andrea Filippin ved sjukehuset der smitten spreidde seg ukontrollert for to månadar sidan.

Foto: Nicola Zini / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Det byrja i midten av februar, då eg fekk marsjordre til Italia. Koronaviruset hadde herja ved eit sjukehus i småbyen Codogno utanfor Cremona.

Pasientar som legar var blitt sjuke dei hadde mista kontroll.

Hæren rykka ut og sette over ti kommunar og 50.000 menneske i karantene.

Hornbach Berlin - Korona

Det å vere korrespondent i desse «koronatider» byr på heilt nye utfordringar. Her blir det handla inn verneutstyr og proviant ved ein jernvarehandel i Berlin. I bakgrunnen kan ein sjå køen som blir regulert av sikkerheitsvakter for å hindre at for mange er inne i butikken samtidig.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Andrea

Ved hjelp av BBCs korrespondent i Roma fekk eg tak i ein mann bak sperringane i Codogno, Andrea.

Korleis var det å leve i karantene? Då var det framleis ukjent og eksotisk.

Sidan har eg og Andrea halde kontakten på Whatsapp. Eg har fått høyre om frykt og avsky, og om det einsame livet i koronavirusets episenter.

Seinare byrja han bekymre seg for økonomien og framtida

To månader seinare fekk eg endeleg møte Andrea.

Nicola og Andrea

NRKs fotograf Nicola Zini (til venstre) og Andrea Alloni slår av ein prat i Codogno sentrum. Episenteret for koronaepidemien i Italia. Denne gang med ny maske som ikkje lagar såpebobler.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Han hadde meldt seg til teneste hjå sivilforsvaret. Og eg skulle få helse på nøkkelpersonar i kampen mot viruset.

Politimeisteren

Første møte var med politimeisteren. Det vart ikkje sagt rett ut, men det verka som om det var litt obligatorisk å drikke ein kaffi med lovens lange arm. Studere plakettane hans, og høyre historier frå ei variert karriere i dei italienske politikorpsa.

Kaffi i Codogno

Einaste kaffien i Codogno er å finne på politistasjonen. Andrea og politimeisteren utvekslar siste nytt.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

No må eg legge til at det er påbode med ansiktsmaske i Italia

Og Andrea hadde ei temmeleg heimelaga ei der det stod «Made in Italy» på fronten med store bokstavar.

Medan drøset gjekk og vi streva med å få i oss kaffi med ansiktsmaske, byrja det å piple små såpebobler ut av maska til Andrea.

Eg og politimeisteren knakk saman i latter. Har han vaska maska med oppvaskmiddel?

Andrea nikkar litt brydd og da skjer det igjen: Ei bittelita såpeboble til kjem flygande ut av filteret.

Isen er broten, og eg var hjarteleg velkomen i Codogno. Politimeisteren vinkar farvel.

Fabrizio

Andrea tok meg så med til gjestgiveriet der eg skulle bu. Der venta husverten Fabrizio.

Bruland Codogno

NRK ved gjestgiveriet i Codogno. Journalistikk blir rekna som ein samfunnskritisk funksjon i Italia og eg fekk difor lov til å bu her. Klar for å besøke sivilforsvaret i solide arbeidsklede som ein lette kan spraye med klor og sprit om det blir nødvendig.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Ein gråhåra og elegant menn med mykje på hjartet. Ekte italiensk sølvrev, som lett kunne pryda ei Dressmann-reklame.

– De kan ikkje tru kor mange eg må avvise, fortel Fabrizio.

Det er berre dei med samfunnskritiske ærend som får lov å bu på hotell.

– I går ringde ein mann og trygla om å få bu her, han hadde krangla med kona og hadde ingen stadar å gjere av seg.

Fabrizio ler, stumpar sigaretten, og set seg i bilen.

Det hadde vore ein lang dag og vi trengde mat. I Codogno kunne vi velje mellom to takeawayrestaurantar. Pizza eller sushi?

Eg tenkte i mitt stille sinn at å velje rå fisk i «koronaland» ville krevje meir hybris enn det eg ville klare å mobilisere på ståande fot.

Så det vart pizza den kvelden og for so vidt alle dei andre kveldane også.

Sivilforsvaret Codogno

Sivilforsvarstasjonen i Codogno. Her blir det delt ut mat og inne i lagerhallen blir det produsert klor for desinfisering. Ingrediensane for å få dette til er salt og vatn.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Giovanna

Dagen etter besøkte vi hovudkvarteret til sivilforsvaret.

Vi fekk møte borgarmeisteren som tilhøyrer populistpartiet Lega Nord, viseborgarmeisteren og politimeisteren igjen.

Mest imponerande var Giovanna. Ei bestemt kvinne med Røde Kors-genser. Ho hadde sett pensjonisttilværet på vent for å hjelpe koronasjuke som bur heime. Ho gjev dei medisinar og omsorg. Varme hender rett og slett.

Giovanna Boffelli

Giovanna Boffelli reiser rundt og hjelper koronapasientar med fare for eiga helse.

Foto: Nicola Zini / NRK

Giovanna hadde i byrjinga reist rundt med ein eldre prest som gav urolege pasientar litt sjelesorg, men no var han blitt smitta og send til sjukehus. Ho fortalde meg ein god ven av henne, ein professor, hadde døydd av viruset.

– Er du ikkje redd da, spurde eg.

– Vi må halde ut og gjere plikta, sa ho bestemt.

Dei gamle er framleis eldst, tenkte eg.

Selfie sjukehus Codogno

Selfie ved sjukehuset i Codogno i fullt smittevernutstyr. Etterpå måtte eg vaske mobiltelefonen med sprit og antrekket vart kasta rett i søpla ved parkeringsplassen slik at ein ikkje dreg med seg virus i bilen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Heile Italias «koronalege»

Dagen etter besøkte vi Italias mest berømte sjukehus. Civico sjukehuset i Codogno, åstaden for det første store utbrotet av koronavirus på det europeiske kontinentet.

Sjølve symbolet på koronatragedien i Italia.

Der møtte eg Italias mest berømte lege Andrea Fillippin. Han hadde stått i stormen i to månadar medan viruset herja med sjukehuset hans.

Koronalege Andrea Fillipin

Lege Andrea Fillipin fekk smitten inn på sjukehuset og måtte stenge for å få kontroll.

Foto: Nicola Zini / NRK

Fleire legar eg møtte ved sjukehuset hadde blitt smitta og var friske igjen.

– Kva med flokkimmunitet spurde eg?

Ja vi får sjå, det er for tidleg å seie enno, vi ventar på ein rapport, svarte Filippin.

Fillippin fortalde at det farlege med koronaviruset er at pasientane blir sjuke så fort. Det går frå 0 til 100.

Resepsjonen ved sjukehuset i Codogno.

Sikkerheita står i høgsetet ved sjukehuset i Codogno. Dette er rett ved inngangen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Han fortalde om pasienten som bringa smitten til sjukehuset. Ein 38-åring med milde symptom. Ingen mistenkte korona.

– To dagar seinare svevde han mellom liv og død med ei halv lunge som framleis fungerte, fortalde Filippin.

Ein annan lege skyt inn at han har eit bodskap til verda. Av og til er det ikkje tid til å vente på koronatesten. Da kan de ta ultralyd av lungene, så vil de sjå om det er fare på ferde.

Kan eit pulsoksimeter redde liv?

ZVRrqgZzMJ8

Den britiske skodespelaren Hugh Laurie gestalta rolla som den eksentriske legen Dr. House.

Foto: DANNY MOLOSHOK

Eg byrja tenke på den gamle TV-serien Dr. House. Der brukte alltid pasientane å få eit kraftig anfall mot slutten av episoden.

Så kom Dr. House ilande til med ein mirakelkur i siste liten. Kva hadde Dr. House gjort med Covid-19?

Når lungene sluttar å ta til seg oksygen, finst det håp?

Det er da eg les ein artikkel i New York Times om pulsoksimeteret.

Ein liten dings du puttar på fingeren, og som er å få kjøpt på dei fleste apotek,

Pulsoksimeter

Eit pulsoksimeter måler oksygenmettinga i blodet og blir brukt av til dømes fjellklatrarar for å sjekke om dei er i faresona for å få høgdesjuke.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Denne dingsen kan altså gje ein indikasjon om du har normalt opptak av oksygen i blodet. Altså, den gjev ein indikasjon om lungene fungerer slik som dei skal.

Kanskje kan ein slik dings på fingertuppen gje den tidlegare varslinga som skal til slik at ein kjem seg til sjukehus i tide?

For Covid-19 kan vere ein sjukdom som kjem snikande.

Filippin fortel at koronapasientane ofte har så milde symptom at dei ventar i siste liten med å gå til lege. Dei vil gjerne ikkje vere til bry fordi helsevesenet er overbelasta. Men da kan det vere for seint.

Jakta på mirakelkuren

Det har gått to månadar sidan utbrotet i Codogno – og alt tyder på at det blir ein langvarig kamp mot viruset for oss alle

Men det finst håp:

Berre tenk på alle desse eksentriske og mannevonde Dr. House-nerdane, eller dei godslege og kreative Reodor Felgen typane som no arbeider for oss, for å finne den store mirakelkuren,

Eller kanskje er det mange små mirakelkurar som skal til?

Roger Sevrin Bruland ved Markusplassen i Venezia.

Underteikna rapporterer ved ein folketom Markusplass i april 2020.

Foto: Nicola Zini / NRK

Status Norge

Sist oppdatert: 03.06.2020
8446
Smittet
27
Innlagt
237
Døde

SISTE NYTT

Siste nytt