NRK Meny
Normal

Kan bli tiltalte for spionasje

Nord-Korea varslar at dei to amerikanske journalistane som vart arresterte tidlegare denne månaden, vil bli stilde for retten.

Euna Lee (t.v.) og Laura Ling er fengsla i Nord-Korea

Euna Lee (t.v.) og Laura Ling vart arresterte 17. mars.

Foto: Yonhap / AP

Dei to amerikanske journalistane, Euna Lee, som ættar frå Korea, og Laura Ling, som er etnisk kinesar, jobbar for fjernsynsstasjonen Current TV i California.

Dei vart arresterte i grenseområdet mellom Kina og Nord-Korea 17. mars, medan dei jobba med ei sak om folk som flyktar frå Nord-Korea.

Fiendtlege handlingar

Japan har køyrt fram utstyr som kan skyte ned den nordkoreanske raketten.

Japanske bakke til luft-rakettar er klare til aksjon.

Foto: Katsumi Kasahara / AP

- Dei to amerikanske journalistane har teke seg ulovleg inn i landet. Etterforskinga viser at dei er skuldige i dei fiendtlege handlingane dei var mistenkte for, heiter det i ei fråsegn frå nordkoreanske styresmakter.

Samstundes blir det sagt at dei to journalistane vil bli behandla etter internasjonale lover. Ein svensk diplomat fekk besøke dei to kvinnene i fengselet i helga.

USA har ikkje diplomatisk samband med Nord-Korea, men UD i Washington seier at landet vil prøve å løyse striden via diplomati.

Det blir ikkje spesifisert kva som ligg i uttrykket "fiendtlege handlingar", heller ikkje når dei to blir stilde for retten. Men sørkoreansk presse har meldt at dei vil bli tiltalte for spionasje.

Denne saka kjem på toppen av ein frå før spent situasjon på den koreanske halvøya. Nord-Korea har varsla oppskyting av ein kommunikasjonssatellitt mellom 4. og 8. april.

Skalkeskjul

USA, Japan og Sør-Korea kallar kommunikasjonssatellitten for eit skalkeskjul for å prøveskyte ein langrekkjande rakett, som skal kunne nå mål så langt unna som i Alaska i USA.

Også Russland har bede Nord-Korea om å avstå frå den varsla prøveoppksytinga, på grunn av den spente situasjonen i området.

USA har sendt to marinefarty til Gulehavet etter meldinga om oppskytinga, men har gjort det klart at det ikkje er aktuelt å skyte ned raketten. Japan har på si siden gjort det klart at dei ikkje vil nøle med å gripe inn om raketten kjem inn over japansk luftrom.

Nord-Korea seier dei vil svare med militære mottiltak om Japan skulle skyte ned satelitten.

I enda eit tilfelle av auka spenning er ein sørkoreanar som arbeider på det felles industriområdet Kaesong på grensa mellom dei to landa, arrestert av nordkoreansk politi.

Årsaka til arrestasjonen er oppgitt å vere at mannen hadde kritisert det politiske systemet i Nord-Korea, og dessutan å ha oppmoda ein nordkoreansk arbeidar til å hoppe av.

Forhandlingar

Kim Young-Hyan, professor og Nord-Korea-eskpert ved universitetet i Dongguk i Sør-Korea, trur Nord-Korea no bevisst aukar spenninga før prøveoppskytinga.

Han seier til nyheitsbyrået AFP at arrestasjonen av dei to journalistane, og av sørkoreanaren i Kaesong, er eit signal til USA om at det kan bli forhandlingar.

- Ved å trekkje journalistane for retten viser Nord-Korea at dei har tenkt å bruke dei i forhandlingar med USA etter oppskytinga, seier Kim.

Biletet viser anlegget der Nord-Korea skal prøveskyte ein rakett.

Satelittbilete av utskytingsstaden for den nordkoreanske raketten.

Foto: HO / AFP

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt