Hopp til innhold

Kan bli sittande ved makta til 2034

Det rwandiske folk har ifølge foreløpige resultat sagt eit overveldande ja til å la president Paul Kagame stille til val for ein tredje periode

RWANDA-VOTE-KAGAME

STYRER PÅ 22. ÅRET: Kagame vart formelt president i 2000, men har styrt landet sidan 1994 då 800.000, dei fleste frå folkegruppa tutsiane, vart drepne i eit folkemord.

Foto: CYRIL NDEGEYA / Afp

– Vi har sett folkets vilje. Det er klart at det er dette dei vil, sa leiar av valkommisjonen, Kalisa Mbanda, etter å ha annonsert at 98,1 prosent hadde stemt ja til grunnlovsendringa nasjonalforsamlinga nyleg vedtok om å kunne forlenge talet på periodar presidenten kan sitte.

Dette var etter at resultata hadde kome inn frå 70 prosent av landet.

Også presidenten refererte til folkeviljen idet han sjølv stemte. Kagame (58) som allereie har styrt landet sidan hans tutsi-opprørshær fekk slutt på folkemordet i 1994, kan med dette i teorien styre landet i ytterlegare 17 år.

RWANDA-REFERENDUM/ Rwanda election officials count votes as polling closes after Rwandans voted during a referendum to amend its Constitution to allow President Paul Kagame to seek a third term during next year presidential election in Rwanda's capital Kigali

TEL FRAMLEIS: Stemmene er ikkje ferdig opptalde laurdag ettermiddag, men det foreløpige resultatet viser eit eintydig ja til at Kagame kan stille til val nok ein gong.

Foto: JAMES AKENA / Reuters

Lite rom for å uttrykke usemje

Carina Tersakian frå Human Rights Watch er ikkje overraska over resultatet, og seier til AFP at etter år med truslar frå regjeringa er det sjeldan at folk uttrykker usemje.

Fleire sa at dei hadde late vere å stemme ettersom utfallet allereie var kjend.

RWANDA-VOTE-KAGAME

OVERVELDANDE JA: Ei gruppe veljarar er på veg ut frå eit stemmelokale i hovudstaden Kigali etter å ha stemt.

Foto: CYRIL NDEGEYA / Afp

92 prosent av innbyggarane i Rwanda vil at Kagame skal halde fram, ifølge ei meiningsmåling fjort av Ipsos som vart publisert denne veka, skriv The Guardian.

Det grøne partiet som er det einaste reelle opposisjonspartiet protesterte mot at det var umogleg å organisere ein motkampanje på så kort varsel.

– Opposisjonen ville ha vunne, sa partileiar Frank Habineza i ei uttale laurdag, og la til at partiet ikkje vil gi opp kampen med å gjere Rwanda til eit demokrati.

Sjølv om Kagame har fått mykje ros for utviklinga i Rwanda dei siste åra har menneskerettsorganisasjonar og vestlege land sett med auka uro på utviklinga når det gjeld ytrings- og pressefridom i det vesle sentralafrikanske landet.

Rwanda er ikkje åleine

Både USA og EU har uttalt seg kritiske til at Kagame kan få sitte ein tredje periode ved makta i det afrikanske landet, og meiner det undergrev demokratiet.

Obama åtvara afrikanske leiarar mot slike grunnlovsendringar då han tala til Den afrikanske union i sommar.

UN-GENERAL ASSEMBLY-PEACEKEEPING SUMMIT

ÅTVARAR: Obama, her med ein vennleg klapp på ryggen til Kigame, har åtvara afrikanske leiarar mot den tradisjonelle 'sterke mann'-tenkegangen.

Foto: MANDEL NGAN / Afp

EU-delegasjonen i Kigali kritiserte den korte perioden mellom folkeavstemminga vart annonsert og den fann stad, og meinte det har vore for lite tid og rom for debatt.

Temaet med lengesitjande presidentar er velkjend på det afrikanske kontinentet, og det er fleire statsoverhovud som har sete i fleire tiår ved makta. Reuters melder i dag om at ein koalisjon av 27 høgtståande politikarar i Kongo, deriblant opposisjonskandidat Moise Katumbi, har gått saman for å forhindre at Joseph Kabila går for ein tredje periode.

I nabolandet Burundi har ein eventuell tredje presidentperiode utløyst eit blodig opprør, og FN fryktar eit folkemord på linje med det som skjedde i Rwanda for 21 år sidan.

SISTE NYTT

Siste nytt