Hopp til innhold

Kan bli russisk ESC-boikott

Eit russisk parlamentsmedlem tek til orde for at Russland bør boikotte Eurovision Song Contest neste år. I Russland er det sterke reaksjonar på at Ukraina vann konkurransen med ein melodi som blir oppfatta som kritikk av russisk politikk.

Jamala vinner Eurovision Song Contest 2016

Politikken sigra over kunsten, seier eit russisk parlamentsmedlem etter at Jamala vann Eurovision Song Contest.

Foto: MAJA SUSLIN/TT / AFP

I Ukraina er det jubel, i Russland er det harme etter at Susana Dzjamaladinova, med artistnamnet Jamala, vann Eurovision Song Contest. Jamala tilhøyrer folkeslaget tatarane, som held til på Krim-halvøya.

Tittelen på vinnarmelodien, «1944», viser til det året då rundt 240.000 tatarar blei tvangsutsende av Sovjetunionens Josef Stalin. Mange av dei døydde på vegen til Sentral-Asia.

Jamala har ikkje lagt skjul på at songen også handlar om den russiske annekteringa av Krim for to år sidan. Ho har sagt at ho blei med i konkurransen for å skape forståing for korleis ho opplever annekteringa.

Russia Eurovision Song Competition

Skuffa restaurantgjester i Moskva etter at Russland hamna på tredjeplass i Eurovision Song Contest.

Foto: Alexander Zemlianichenko / Ap

– Bør boikotte

Mange russiske politikarar meiner melodien bryt med reglane om at Eurovision Song Contest ikkje skal vere politisk.

Nestleiaren i den russiske Dumaen sin informasjons- og kommunikasjonskomité, Vadim Dengin har tidlegare sagt til nyheitsbyrået RIA Novosti at songen fekk bli med i konkurransen for å audmjuke Russland.

Når det omstridde melodien no gjekk av med sigeren, er reaksjonane sterke. Mange meiner at ein song om russiske overgrep mot Krim-tatarane ikkje høyrer heime i konkurransen. Dei ser på det heile som anti-russisk propaganda.

Den russiske politikaren Frants Klintsevitsj seier det slik, ifølgje nyheitsbyrået RIA Novosti:

– Dersom ingen ting endrar seg i Ukraina, synest eg ikkje vi skal delta. Her var det politikken som sigra over kunsten, legg han til.

Klintsevitsj tilhøyrer president Vladimir Putins parti, og sit i overhuset i det russiske parlamentet.

– Upassande innblanding

Konstantin Kosachev er leiar for utanrikskomiteen i overhuset.

– Upassande politisk innblanding vann over rettferdig konkurranse, skriv han på Facebook.

Russland var ein av favorittane til å vinne Eurovision Song Contest i år. Men då resultatet var eit faktum, måtte russarane ta til takke med ein tredjeplass, etter Australia.

– Det er tydeleg at dette handlar om politikk, skriv avisa Komsomolskaya Pravda. Dei viser til at det var den russiske deltakaren, Sergej Lazarev, som fekk flest publikumsstemmer. Men kombinasjonen av desse stemmene, og dei frå juryane, sende altså rivalen Ukraina til topps.

Talskvinne for det russiske utanriksdepartementet, Maria Zakharova fleipa sarkastisk i eit innlegg på Facebook: – For å vinne konkurransen neste år, må songen fordømme den "blodige" presidenten i Syria, Bashar al-Assad, som er støtta av Moskva, men som Vesten skuldar for den fem år lange borgarkrigen.

Porosjenko gratulerer

I Ukraina ser dei no fram til å arrangere finale i Kiev neste år. President Petro Porosjenko var raskt ute med å gratulere vinnaren.

– Ei fantastisk framføring og ein fantastisk siger. Heile Ukraina takkar deg frå hjartet, skreiv han på Twitter då sigeren var eit faktum.

Jamala fra Ukraina stakk av med seieren under årets Melodi Grand Prix med låta "1944".

– Dette handlar om politikk, ikkje musikk, meiner mange russarar.

SISTE NYTT

Siste nytt