Kampen om Nordpolen hardnar til

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Nordpolen bør vere dansk. Det meiner danske styresmakter. Danskane har vore på tokt i Polhavet, og førebur no eit krav til FN som omfattar heile området mellom Grønland og Nordpolen. Det er nesten fire gonger så stort som Danmark.

Om det er olje eller gass der, er det ingen som veit i dag. Men det kan bli harde tak om havbotnen under Polhavet.

Det er Lomonosovryggen det handlar om, ein undersjøisk fjellkjede som strekkjer seg frå Canada og Grønland via Nordpolen til Russland.

Både Danmark, Russland og Canada prøver å få råderett over det enorme området rundt Nordpolen. Alle tre land har hatt ekspedisjonar i området for å kartleggje og samle bevis.

Canada planlegg å sende inn sine krav til FNs kontinentalsokkelkommisjon før 7. november i år.

Russland leverte sine krav allereie i 2001, og supplerer no med fleire opplysningar. Dei markerte dessutan i klartekst si interesse for området ved å plante eit flagg på havbotnen under Nordpolen 2. august 2007.

Danmarks plan er å levere krav til FN i 2014.

Fire gonger så stort som Danmark

Danskane meiner at den grønlandske kontinentalsokkelen strekkjer seg så langt nordover at 150.000 kvadratkilometer, inkludert sjølve Nordpolen, bør høyre til Danmark. Området er nesten fire gonger så stort som landet.

Spørsmålet er om bevisa er gode nok.

Professor Willy Østreng er ekspert på havrett. Den tidlegare leiaren av Fridtjof Nansens Institutt var med å starte Norsk Vitenskapsakademi for Polarforskning.

– Landa har sjølvsagt eit håp om at det skal vere olje og gass i området. I tillegg har det nok også ein symboleffekt å kunne krevje suverenitet til Nordpolen, seier Østreng som no er forskar ved forskingsselskapet Ocean Futures.

Christian Marcussen frå De Nationale Geologiske Undersøgelser for Danmark og Grønland var leiar for den siste ekspedisjonen til området.

– Vi er godt nøgde, vi har komme fram til dei områda der vi ønskte å gjere undersøkingar, og har fått samla inn data vi ikkje hadde frå før. Så vi har komme eit steg vidare i arbeidet med å dokumentere kravet vårt, sa han til Danmarks Radio etter ekspedisjonen.

Til NRK seier Marcussen:

– Vi vurderer det slik at det no er samla inn tilstrekkeleg grunnlag for å kunne utarbeide dokumentasjon på det danske kravet.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Nordpolen bør vere dansk. Det meiner danske styresmakter. Danskane har vore på tokt i Polhavet, og førebur no eit krav til FN som omfattar heile området mellom Grønland og Nordpolen. Det er nesten fire gonger så stort som Danmark.

SE VIDEOf: Kampen om Nordpolen ahrdner til. NRK Dagsrevyen.

FN tilrår – landa må forhandle

FNs havrettskonvensjon frå 1982 slår fast at statar med kystlinje har rett til eit område som går 200 nautiske mil, eller vel 370 kilometer, frå kysten og ut i havet.

Traktaten slår også fast at kyststatane kan gjere krav på havområde som ligg utanfor denne grensa dersom dei kan bevise at havbotnen der er ei naturleg forlenging av kontinentalsokkelen.

Kontinentalsokkelkommisjonen behandlar slike krav, som må sendast inn innan ti år etter at landa har slutta seg til FNs havrettskonvensjon.

Men kommisjonen kjem berre med tilrådingar, ikkje avgjerder. Er det motstridande synspunkt etter at kommisjonen har behandla krava, må landa forhandle seg imellom.

På spørsmål om korleis han trur dette vil ende, svarar professor Østreng:

– Det er vanskeleg å seie. USA hevdar at Lomonosovryggen er ein del av det sentrale Polhavet, djuphavsdelen, og ikkje ein del av kontinentalsokkelen. Dei tre landa som set fram krav, er naturleg nok usamde i dette.

– Ein kunne kanskje tenkt seg at Danmark og Canada trekkjer ei midtlinje på toppen av ryggen, og får kvar sin del av den fram mot Nordpolen.

– Løysinga kan også bli at ingen av dei får noko som helst fordi området blir definert som ein del av det sentrale Polhavet.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Russisk flagg på havbunnen ved Nordpolen

2. august 2007 blei det planta eit russisk flagg på havbotnen under Nordpolen. Flagget blei plassert der ved hjelp av to miniubåtar påmonert ein robotarm som blei sleppt ned mellom isflaka.

Foto: AP

Kan bli konflikt

Den norske professoren ser ikkje bort frå at det heile kan ende med konflikt.

– I dag ser vi at landa samarbeider om å utveksle informasjon. Det har nok med kostnader å gjere. Men når dette skal avgjerast, kan samarbeid fort avløysast av konflikt.

– Faren for konflikt er størst mellom Danmark og Canada, for begge desse landa krev ein del av ein kanadisk og dansk/grønlandsk sokkel, mens Russlands del av Lomonosovryggen går frå euroasiatisk sokkel mot polpunktet.

Dersom kanadiarane, russarane eller danskane greier å bevise at Lomonosovryggen høyrer til nettopp deira kontinentalsokkel, kan dei også bli tilkjent eigarskapet til Nordpolen.

SISTE NYTT

Siste nytt