NRK Meny
Normal

Kampen om Afghanistan

Det er truleg noen i Afghanistan i dag som hyllar dei som tok seg inn i Hotel Serena og retta det dødelege åtaket mot følgjet til den norske utanriksministeren sist mandag.

Islamsk menighet i Kabul
Foto: MASSOUD HOSSAINI / AFP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Dei ser på angrepet som ein triumf, og eit prov på at ingen skal kjenne seg trygge, for "sjå kva vi greier". Slik er terroren. Og slik har den internasjonale strategien i Afghanistan feila.

Ingen terrortradisjon

Tryggingssituasjonen i landet er kraftig forverra dei siste par åra. Tidlegare snakka vi om dei farlege provinsane i sør og aust, og dei langt tryggare i nord og vest. Det siste året er norske soldatar i nord og italienske soldatar i vest brått nesten like klare geriljamål som nederlandske og kanadiske, britiske og amerikanske i søraust. Og Taliban er plutseleg også i Kabul.

I 2002 var det to sjølvmordåtak i Afghanistan, i fjor var det over 140. Denne formen for krigføring, eller terror, var det ingen tradisjon for i Afghanistan. Dei militante gruppene som nå brukar den så effektivt, har lært den frå Irak. Og at sivile utlendingar er om muleg enda betre mål enn militære. Frykten skal skremme alle framande til å dra frå Afghanistan.

Rømte over grensa

USA og ISAF-styrken blei ønska velkommen av afghanarane den gongen for seks år sidan. Det internasjonale samfunnet var einig i at rota til 11.september-terroren låg i Afghanistan og måtte rykkast opp. Og det afghanske folket var lei talibanstyret. Invasjonen vekte håp, som nå er i ferd med å forsvinne. Afghanarane ser ikkje at tilveret er blitt betre, ingen av håpa oppfylte. Dei ser vald og krig, og dei gir dei framande skylda.

Og dei tenkar at Taliban kanskje kan jage dei framande ut av landet.

Den jobben USA påla seg sjølv i første omgang, blei ikkje gjort godt nok. Amerikanarane såg at Taliban forsvann og var sikre på at dei hadde vunne og flytta fokus så godt som heile A-laget av ekspertise og tungvekt - frå etterretning til elitestyrkar - over på Irak. Mens restane av Taliban hadde rømt over grensa, der dei fekk fred og tid til å bygge seg opp igjen. Og etter kvart både kome tilbake til krigsfronten og etablere seg i lokalmiljøet igjen i Afghanistan.

Treng ny strategi

Taliban er ikkje ei stor og samla gruppe, men nærast eit mangfold av grupper med ulike andlet. Taliban er overalt og kan ikkje knusast på tradisjonelt vestleg militært vis, seier afghanistankjennaren Fredrik Barth, som peikar på den afghanske tradisjonen for å løyse konfliktar - dialog og kompromissvilje der alle vinn litt og taper noe.

På eitt litt anna nivå siv det også i NATO inn erkjenning av at det trengst ein ny strategi, før alliansen må trekke seg ut i skam. Nå snakkar dei militære leiarane om for eksempel å la muslimske land i Nord-Afrika og Midtausten få ansvar for å trene dei afghanske tryggingsstyrkane.

Dei legg også vekt på at vestlege land skal distansere seg litt meir frå gjenoppbygginga: Finansiere den og rettleie den, men gi afghanarane større kjensle av sjølv å eige prosjekta, gjøre dei meir afghanske og kanskje dermed unngå at Taliban ødelegg dei.

Nervøse for resultatet

Sjølvsagt er det lyspunkt for den som leitar. Norge kan nok vise til skolar som med norsk hjelp igjen er i drift. Men dette er langt unna det afghanarane hadde sett for seg gjennom lovnaden til president Bush om ein Marshallplan for Afghanistan: Kraftutbygging og industrireising, vegar, utdanning og helsestell. Arbeidsløysa er enorm og fører unge menn til Taliban, bare fordi dei vil ha jobb.

Frustrasjonen over stoda i Afghanistan er tydeleg stor blant NATO-landa. USAs forsvarsminister har denne veka måtte ringe rundt til kolleger i Europa og unnskylde seg fordi han har sagt at andre land ikkje er dyktige nok i felten. Europearane klagar over at USA ikkje bryr seg om gjenoppbygginga og omsynet til dei sivile.

Alle er dei nervøse for resultatet i Afghanistan og fryktar for kva den får å seie for NATO, som for første gong opererer utanfor Europa.

Resultatet avheng av det afghanske folket, som treng skolar, legar, vegar og arbeid.

Den som gir afghanarane dette, vinn.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt