Hopp til innhold

Kampar i Jemen timar før våpenkvile

Sporadiske kampar prega Jemen søndag, berre timar før ei planlagt våpenkvile i regi av FN skal tre i kraft.

YEMEN-SECURITY/ Women walk on a bridge in the old quarter of Yemen's capital Sanaa

Kampane rasa i området rundt hovudstaden Sanaa søndag, men sjølve byen, som er på opprørarane sine hender, var stille.

Foto: KHALED ABDULLAH / Reuters

– Om våpenkvila bryt saman vil det bringe ufattelege lidingar over Jemens sivilbefolkning, seier Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen, til NRK.

Han har likevel håp om at våpenkvila og dei etterfølgjande fredsforhandlingane i Kuwait denne gong skal halde.

Krigen blir i hovudsak kjempa mellom opprørsstyrker som har kontroll over hovudstaden Sanaa og styrker som er lojale til den avsette president Abd-Rabbu Mansour Hadi. Han blir støtta av Saudi-Arabia og ein allianse av gulfland.

YEMEN-CONFLICT

Unge soldatar lojale til president Hadi står nær ein brent tanks i Marib-provinsen laurdag. Også i dag var det kampar her mellom Hadi sine styrker og houthi-opprørarar.

Foto: NABIL HASSAN / Afp

Store sivile tap

– Over 20 millionar menneske har behov for hjelp etter ein svært øydeleggande krig med lite internasjonal merksemd, seier Egeland.

Rundt 3000 sivile er drepne og over 35 000 skal vere skadde. Allereie før krigen var landet sør på den arabiske halvøy eit av dei fattigaste landa i verda. Verdas matvareprogram har tidlegare fortalt NRK at 7,6 millionar menneske går svoltne som følge av krigen.

Jan Egeland

Jan Egeland seier til NRK at det er avgjerande at våpenkvila held denne gongen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Vi håpar og trur at våpenkvila er starten på noko betre, men det er uendelege problem som må løysast for å få ein fred til å slå rot i Jemen, seier Egeland.

Krigen har vart i over eitt år, og i skuggen av dei kjempande partane har Al Qaida vakse seg sterke. Seinast i går hevda militære kjelder at terrorgruppa har likvidert 17 soldatar som er lojale til president Hadi. Sjølv avviser Al Qaida at det er dei som står bak.

Ifølge ein rapport frå nyheitsbyrået Reuters kontrollerer det som ifølge USA er terrornettverket sin farlegaste forgreining ein ministat i landet, og har minst 100 millionar dollar i kontantreserver. Pengane har dei fått tak i ved å plyndre bankar og å kontrollere hamnetrafikken inn til byen Mukalla, der dei har sitt hovudsete.

YEMEN-HEALTH/

Eit underernært barn på intensiven i hovudstaden Sanaa. 7,6 millionar svelt som følge av krigen, ifølge Verdas matvareprogram (WFP).

Foto: KHALED ABDULLAH / Reuters

Også IS har fått fotfeste i landet, og har teke på seg fleire dødelege angrep mot dei sjiaislamske Houthi-opprørarane.

FN forsøker igjen

Tidlegare FN-støtta samtalar har feila, og den siste våpenkvila som blei inngått i desember blei broten fleire gonger før Saudi-leia koalisjonen til slutt forkasta heile våpenkvila 2. januar.

– Vi vil gå til forhandlingane i Kuwait med fred som mål, sa president Hadi laurdag, men insisterte på at opprørarane må forplikte seg til FNs tryggingsråd sin resolusjon som ber dei trekke seg frå området dei har teke og at dei legg frå seg våpena.

2,75 millionar er på flukt, mange av dei internt i landet.

– Til og med regjeringa kan ikkje tvinge oss til å respektere ei våpenkvile så lenge vi ikkje har fått tilbake områda våre, sa Zayed al-Qaisi, ein innbyggar i Marib, til AFP.

Heller ikkje i hovudstaden Sanaa er det mykje optimisme å spore.

– Saudi-Arabia berre halar ut tida og skuffar oss, sa 50 år gamle Ali Mohsen i Sanaa til AFP.

YEMEN-CONFLICT-ANNICERSARY

Tre jemenittiske menn besøker grava til slektningar som blei drepne i kampar mellom houthi-opprørarar og Hadi-lojale soldatar 8. april.

Foto: AHMAD AL-BASHA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt