Hopp til innhold

Kampane ikkje over i Kunduz

Det er framleis harde kampar i den nord-afghanske byen Kunduz, trass i at regjeringshæren seier dei har teke tilbake byen frå Taliban. Amerikanske spesialstyrkar har delteke i kamphandlingane.

Kampar i Kunduz i Afghanistan.

Amerikanske spesialsoldatar var i aktiv kamp mot Taliban saman med afghanske regjeringsstyrkar i Kunduz.

Foto: STRINGER/AFGHANISTAN / Reuters

Den islamistiske opprørsgruppa Taliban tok kontroll over provinshovudstaden Kunduz , ein by med rundt 300.000 innbyggjarar, etter eit overraskingsangrep måndag denne veka. Regjeringsstyrkane trekte seg tilbake til flyplassen, og Taliban heiste flagget sitt i sentrum av byen.

Kunduz i Afghanistan

Afghansk regjeringssoldat inne i eit hus som vart øydelagt under kampane mot Taliban i sentrum av Kunduz.

Foto: STR / Ap

Innbyggjarar i byen fortel at regjeringssoldatar i heile dag har gått frå dør til dør i sentrum på jakt etter talibanar.

Amerikanske soldatar

I dag tidleg norsk tid sa ein talsmann for det afghanske innanriksdepartementet, Sediq Sediqqi, at dei hadde erobra byen tilbake , og at Taliban hadde lide store tap. Taliban avviser meldingane, og seier at det framleis går føre seg harde kampar i byen.

Ein talsmann for den internasjonale styrken i Afghanistan, oberst Brian Tribus, stadfestar at amerikanske spesialsoldatar har kjempa saman med regjeringsstyrkane i Kunduz, men at dette skjedde i sjølvforsvar.

Den internasjonale styrken har overlate det militære ansvaret i landet til regjeringsstyrkane, men deltek framleis med opplæring og rådgjeving

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters har regjeringsstyrkane teke kontroll over sentrum av byen, men at det er kampar i fleire andre bydelar. Innbyggjarar i byen seier til nyheitsbyrået at soldatane har fjerna Taliban-flagga i sentrum og erstatta dei med afghanske flagg.

Taliban sender en redselsfull melding til Kabul

Kampar i Kunduz i Afghanistan.

Innbyggjarane tok sjansen på å gå ut i gatene igjen i Kunduz etter at regjeringsstyrkane hadde jaga Taliban ut av sentrum.

Foto: STR / Ap

– Taktisk manøver

Ein talsmann for Taliban seier at dei har trekt seg tilbake til utkanten av byen, og at dette er ei taktisk manøver slik at dei blir i stand til å omringe regjeringsstyrkane og dei utanlandske soldatane som støttar dei.

Ein lege i byen, Abdul Ahad, sa på telefon til Reuters tidlegare i ettermiddag at det er mange døde Taliban-krigarar i gatene, men at det også er mange opprørarar igjen inne i ein del offentlege bygningar i byen. Mange har også søkt tilflukt i private heimar.

Det afghanske forsvarsdepartementet seier at 150 talibanar vart drepne og rundt 90 såra i kampane i natt og i dag tidleg. Også 30 sivile skal vere drepne, medan sjukehuset i Kunduz opplyser at dei har behandla 340 såra.

Taliban lovar å innføre sharia i Kunduz

Nato-styrker på plass i Kunduz for å kjempe mot Taliban

Mange drepne

Hjelpeorganisasjonen Legar utan grenser (MSF) stadfestar at minst 40 personar er drepne, men meiner at det reelle dødstalet er langt høgare.

Innbyggjarar kan fortelje om mangel på mat og i områda der dei hardaste kampane har vore, og at det var kraftige drønn gjennom heile natta og føremiddagen

Då Taliban erobra Kunduz måndag, var det den første større byen dei har teke kontroll over sidan den USA-leidde invasjonen i 2001, då Taliban vart fjerna frå makta.

kunduz

SISTE NYTT

Siste nytt