Hopp til innhold

Den dødelegaste månaden til no

Vi er berre komt til 22. juli, og allereie skal over 2700 menneske ha blitt drepne i Syria denne månaden. Det gjer juli til den dødelegaste månaden hittil.

Sidan konflikten starta i mars i fjor er så mange som 19 000 menneske drepne. Av desse skal 13 000 menneske vere sivile.

Røyk over Damaskus

KAMPEN OM DAMASKUS: Røyk over Damaskus vitnar om at krigen er komen til hovudstaden.

Foto: Ap

Berre til no i juli skal over 2750 personar ha blitt drepne i dei blodige samanstøyta som skjer dagleg.

Dersom drapa held fram i same tempo til slutten av juli, vil denne månaden bli rekna som den dødelegaste hittil.

På laurdag skal i alt 164 menneske skal ha blitt drepne, deriblant 86 sivile, ifølgje oversikta til Syrian Observatory for Human Rights.

Bombar med helikopter

I Damaskus bombarderer regimet opprørarane med kamphelikopter, og i Aleppo rasar kampane like ved etterretningssenteret til regimet. Fleire generalar hoppar av, og flyktningstraumen aukar.

Regimet sette i dag tidleg inn kamphelikopter mot minst tre område i Damaskus, noko som mellom anna førte til at opprørarane trekte seg ut av distriktet Mezze, ifølgje augevitne.

Også Barzeh-distriktet nordvest i Damaskus blei kraftig bombardert frå lufta. Bydelen har dei siste dagane vore åstad for harde kampar mellom regimestyrkar og opprørarar.

Snikskyttarar, stridsvogner og kamphelikopter

Regjeringssoldatar entra i dag tidleg bustadområdet med stridsvogner og andre pansra kjøretøy samtidig som kamphelikopter skaut rakettar mot bygningar.

LES: Vender tilbake til Bagdad fra Damaskus

LES: Konflikten i Syria dramatisk endret

Krigen er kommet til bydelen Midan i Damaskus

KRIGEN ER KOMEN: Biletet viser at krigen er komen også til bydelen Midan i Damaskus.

Foto: Reuters

Ifølgje eksil-gruppa Syrna Observatory for Human Rights er det utplassert snikskyttarar på fleire tak i bydelen.

Samtidig kjem det melding om harde kampar i Aleppo, den andre storbyen i Syria, like ved etterretningshovudkvarteret til regimet i sentrum av byen.

Kampane har sidan fredag vore sentrert om enkelte område i Aleppo, spesielt bydelen Salaheddin.

Regjeringshæren har i dag innleidd eit forsøk på å ta tilbake kontrollen av bydelen, ifølgje ein aktivist frå opposisjonen.

LES: – Syriske opprørarar plyndrar oss

– Det har vore samanstøyt sidan tidleg om morgonen, seier kjelda.

I alt 164 menneske skal ha blitt drepne i Syria laurdag, deriblant 86 sivile, ifølgje Syrian Observatory for Human Rights.

Fleire hoppar av

Blant offera frå laurdag blei ein general drepen saman med kona og deira to born av ukjente gjerningsmenn.

I byen Rastan i Homs skal også to kvinner og seks born blitt drepne. Byen er blitt bombardert i månadsvis av regjeringsstyrkar.

Denne veka har det nesten dagleg komt meldingar om at generalar og andre offiserar har hoppa av frå regimet. I dag opplyste ein tyrkisk diplomat at nok ein general har kryssa grensa over til Tyrkia.

Straumen av flyktningar til både Tyrkia, Libanon og Irak har auka drastisk dei siste dagane.

SISTE NYTT

Siste nytt