Kampane i gang igjen i Gaza

Etter ein tre timar lang stans i kamphandlingane for å sleppe fram naudhjelp, rasar no kampane igjen på Gazastripa.

Krigshandlingane i gang igjen etter tre timars pause.

Krigshandlingane er i gang igjen etter tre timars pause.

Foto: JACK GUEZ / AFP

Kilde: NRK-AFP-Reuters

Det var relativt roleg i området under den humanitære våpenkvila, men no talar igjen våpena på begge sider av grensa.

Israelske styrkar har gjennomført fleire angrep inne på Gazastripa, og det er skote fleire rakettar mot det sørlege Israel frå Gaza.

To palestinarar skal vere drepne i bydelen Zeitun i Gaza by, opplyser palestinske kjelder.

Rakettnedslag i Israel

To rakettar slo ned like ved den israelske byen Beersheva, men den israelske hæren opplyser at ingen vart skadd i angrepa.

Den israelske hæren opplyser vidare at 130 Hamas-krigarar er drepne sidan starten på bakkeoffensiven sist laurdag.

Samstundes går arbeidet med å prøve å få til ei permanent våpenkvile vidare. Den israelske regjeringa varslar at ein høgståande rådgjevar til forsvarsminister Ehud Barak, Amos Gilad, reiser til Egypt torsdag for å diskutere detaljane i det fransk-egyptiske fredsforslaget.

Amos Gilad leidde den israelske delegasjonen som gjennom samtalar med egyptiske tenestemenn fekk til avtalen om ein seks månader lang våpenkvile mellom Israel og Hamas i juni i fjor.

Det var etter utløpet av denne avtalen 19.desember at Hamas avfyrte store mengder rakettar mot Israel, noko som igjen førte til det israelske angrepet på Gazastripa, som starta 27.desember.

- Semje om forslag

Den franske presidenten Francois Sarkozy sa tidlegare i dag at både Israel og dei palestinske styresmaktene på Vestbreidda har godteke forslaget, men dette er ikkje offisielt stadfesta.

Ein høgtståande israelsk tenestemenn seier til nyheitsbyrået AFP i kveld at Israel i prinsippet kan godta avtalen, men at det er mykje som står att før ein veit om forslaget kan gjennomførast i praksis.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre er ikkje udelt optimistisk om det er mogleg å få til ei permanent våpenkvile. Han peikar på at Hamas ikkje er med i diskusjonen om ein avtale, og at det trass alt er Hamas som er krig med Israel.

Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre trur det blir vanskeleg å få Hamas med det fransk-egyptiske forslaget.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt