NRK Meny
Normal

Kamelkos på drive through-safari

Den vesle jenta kunne ikkje ha fått eit meir nærgåande møte med kamelen i dyrehagen i Kansas i USA.

Den vesle jenta kunne ikkje ha fått eit meir nærgåande møte med kamelen i dyrehagen i Kansas i USA.

KLIKK FOR VIDEO: Det er uvisst om kamelen var svolten eller berre kosesjuk då den stakk hovudet inn i bilen til Inzer-familein i Kansas.

I videoen som er gått viral på nettet kan me sjå at Inzer-familien frå Kansas får eit uvanleg nærgåande møte med ein kamel i «drive through»-dyreparken i delstaten.

– Ho elska å mate alle dei pelskledde dyra som stakk hovudet inn gjennom bilvindauga, skreiv mora til jenta på YouTube.

– Me køyrte sakte gjennom dyrehagen og lot ho sitte framme i bilen slik at ho kunne hjelpe til med å mate dyra.

Då den tilsynelatande svoltne kamelen dukka opp hadde familien ein sjokolade igjen å gi bort. Men kamelen ville ha meir, og situasjonen utvikla seg difor etterkvart til at kamelen gapte over hovudet til jenta med den store kamelmunnen sin.

I ein augneblink verkar det som at jenta vert litt bekymra for den nærgåande kontakten med det store dyret. Men bekymringa forvandlar seg fort til smil og latter då ho ser at foreldra tek episoden med eit smil.

Kamelen er ikkje nøgd med det korte møtet då familien køyrer vidare. Han spring eit godt stykke ved sida av bilen heilt til han må innsjå at dette var all menneskekosen han fekk denne dagen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt