Hopp til innhold

Kamelen: – Han var eit vanvettig talent

Den norske artisten Kamelen seier han er opprørt over drapet på sin svenske rapkollega Einár.

Spellemannsprisen 2018 - presentasjon av nominerte

Kamelen sender sine tankar til Einár sin familie og dei pårørande.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Eg synest dette er veldig trist, han var eit vanvettig talent, eg har høyrt masse på han. Han var jo kanskje Sveriges største artist.

Det fortel Marcus Kabelo Møll Mosele, kjent som rapartisten Kamelen, til NRK.

Politiet fekk melding seint torsdag kveld om skyting i Hammarby, sør i Stockholm. Ein person blei funnen skoten i hovudet og brystet.

Ifølge svenske medium var det den 19 år gamle artisten Einár som blei skoten. Han døydde seinare av skadane.

– Framleis eit barn

Einár, eller Nils Kurt Erik Einár Grönberg, slo gjennom som 16-åring i 2019 med songen «Katten i trakten».

Einár opptrer i Stockholm i 2019

Ingen er så langt arrestert etter at Einár blei drepen torsdag kveld.

Foto: Henrik Montgomery / AFP

– Han var 19 år gamal, framleis eit barn nærmast. Det er heilt forferdeleg, seier Mosele.

Ifølge Expressen har Einár over lengre tid vore utsett for truslar. Ein kjelde til avisa seier det var ein skotpremie på artisten.

– Eg har fått med meg via sosiale medium at det har vore ein del kranglar der borte, men det er mykje som kan ha skjedd. Mine tankar går til familien og dei pårørande, seier Mosele.

Den svenske songaren og låtskrivaren Lisa Nilsson kallar drapet på Einár «botnlaust trist».

– Mine varmaste tankar til familien og slektningar – og fine mamma Lena.

Lisa Nilsson om Einar
Foto: Skjermbilde frå Instagram, tatt 22.10.2022

Skodespelar Lena Nilsson, kjent frå filmar som «PS sista sommaren» og «Videomannen», er Einárs mor.

– Tankane vandrar. Kvar var vernet? Han skulle vitne mot Vårby-nettverket som kidnappa han. Urimeleg, skriv ho vidare.

Fleire svenske medium skriv at artisten i fjor blei kidnappa av ein annan svensk artist med tilknyting til dette nettverket. Neste veke skulle han vitne i rettssaka.

– Det trengst ei endring. Våpena må fjernast frå gatene og vekk frå dei unge menneska sine impulsive hender, skriv Nilsson.

– Rapmiljøet har mista eit talent

Musikkritikar og journalist Yngve Sikko seier Einár var ein artist som klatra oppover og skapte sin eigen profil, utan særleg hjelp frå platebransjen.

– Rapmiljøet har mista eit heilt spesielt talent, seier Sikko til NRK.

Yngve Sikko, musikkanmelder og journalist

Musikkritikar Yngve Sikko seier Einár var blant Sveriges største rapparar.

Foto: Privat

Var Einar på veg til å bli berre større og større?

– Eg intervjua han for Natt & Dag hausten 2019, og då hadde eg veldig den kjensla. At han berre skaut som ein rakett.

Sikko seier at etter kidnappinga i fjor, trur han Einár kan ha begynt å spore av. Han trudde ikkje det var trygt for artisten å vere i Sverige.

– Tatt i betraktning sin unge alder hadde han evna til å røre veldig mange menneske. Sure kritikarar, slik som meg, blei også imponert. Han var så sjukt god i handverk-rap, seier Sikko.

Jobba på låt saman

Den svenske artisten Victor Leksell, kjent for songen «Svag», seier han kjente seg som ein stolt storebror overfor Einár, som har kallenamnet «Nisse».

– Faen Nisse min elska venn. Det skulle ikkje ende slik, skriv han i eit innlegg på Instagram.

Victor Leksell om Einár
Foto: Skjermdump frå Instagram, tatt 22.10.2021

– Den Nisse som eg fekk æra av å bli kjent med var ein varm og kjærleiksfull fyr, og det kjem eg til å minnast for alltid, skriv Leksell vidare.

Ifølge artisten jobba dei to med ei låt saman, som dei håpte å få framføre på ein festival i framtida.

– Faen at det skulle bli slik. Min elska venn, kvil i fred. Vi sjåast på den andre sida.

– Eit ungt liv har sløkt

Den svenske rapparen ADAAM har laga fleire songar med Einár. På Instagram skriv han at dei sjåast igjen i «Jannah», paradis.

– Kvil no min bror, må gud tilgi dine synder, vi sjåast i jannah.

Sveriges statsminister Stefan Löfven

Löfven seier Einár betydde mykje for dei unge.

Foto: Erik Simander / TT

Også popartisten Zara Larsson har lagt ut eit bilde på sin Instagram-story, med eit knust hjarte.

Sveriges statsminister Stefan Löfven kallar drapet tragisk.

– Det er eit ungt liv som har sløkt, og eg forstår at han har betydd mykje for mange unge. Det er tragisk at nok eit liv har sløkt, seier han ifølge Expressen.

SISTE NYTT

Siste nytt