NRK Meny
Normal

Kambodsja aukar minsteløna til tekstilarbeidarar

I Kambodsja er dei samde om å heve minsteløna for arbeidarar i tekstil- og fottøy-bransjen til 140 dollar per månad frå neste år.

Syersker på en fabrikk i Dhaka, Bangladesh

Kambodsja aukar minsteløna til tekstilarbeidarar. Dette biletet er tatt på ein fabrikk i Dhaka, Bangladesh.

Foto: MUNIR UZ ZAMAN / Afp

Etter at avgjerda om å heve minsteløna, stemte eit fleirtal av representantar frå regjeringa for å heve løna frå 128 dollar til 135, eit beløp regjeringa deretter auka vidare til 140 dollar, skriv Reuters.

Kambodsjas viktigaste næring

Arbeidarane hadde lenge klaga over at dei sleit med å få endane til å møtast med den noverande månadsløna på 128 dollar.

Klesektoren genererer så mykje som 5 000 000 000 dollar årleg til Kambodsja.

Fagforeiningane kravde opphavleg 177 dollar i månaden, og truga med streik dersom krava ikkje vart innfridd. Det er uvisst kva fagforeiningane no vil gjere.

Har avslørt kritikkverdige forhold

Tekstilnæringa er den viktigaste i Kambodsja. Rundt 650.000 kambodsjanarar arbeider i fabrikkar som produserer kle og sko for store merker som Puma, Nike og Gap og H & M. Den svenske kleskjeda er blant dei største kjøparane av kle i Kambodsja.

I takt med at næringa har vekst seg større og viktigare, har arbeidarane sine krav auka, med god hjelp av internasjonale organisasjonar som har avslørt svært kritikkverdige forhold der.

Organisasjonane kritiserer dei vestlege storselskapa for å utnytte arbeidarar i fattige land med dårleg lovverk og svak fagorganisering for sjølv å få størst mogleg lønsemd.

Skofabrikk raste sammen Kambodsja

Redningsarbeidarar leiter etter fabrikktilsette i ruinane etter at ein skofabrikk kollapsa i Kambodsja i 2013.

Foto: TANG CHHIN SOTHY / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt