Hopp til innhold

Harris har valt Tim Walz som vise­president­kandidat

Ein tidlegare historielærar og fotballtrenar blir Harris sin makker i presidentvalet. – Kan bli ein kraftfull kombinasjon, trur USA-ekspert.

Tim Walz snakker med en annen mann

VISEPRESIDENTKANDIDAT: Tim Walz blir Harris sin nummer to i presidentvalkampen.

Foto: STEPHEN MATUREN / AFP

Visepresidenten har valt sin visepresidentkandidat.

60 år gamle Tim Walz blir Kamala Harris sin nummer to i presidentvalet 2024.

I han får Harris ein visepresidentkandidat som er kjend som jordnær, pragmatisk og liberal.

Kamala Harris bekrefter at Tim Walz er hennes visepresidentkandidat

Harris annonserte valet av Walz på X.

Foto: Twitter

Walz skriv på X at han er «all in».

– Visepresident Harris viser oss moglegheitens politikk. Det minner meg litt om første skuledag. Så lat oss få dette til, folkens! skriv han.

Saman skal dei to inn i valkampen for Det demokratiske partiet. Der skal dei kjempe mot Donald Trump og JD Vance frå Det republikanske partiet.

Tove Bjørgaas om Tim Walz

Tove Bjørgaas om Tim Walz.

Ny taktikk mot Trump

Walz er guvernør i Minnesota. Sjølv om han er godt likt i sin eigen heimstat, er han er ikkje veldig kjend blant amerikanarane.

Kamala Harris ringer Tim Walz for å spørre om han vil stille som visepresidentkandidat

Kamala Harris ringer Tim Walz for å spørre om han vil stille som visepresidentkandidat

Men han fekk mykje merksemd etter eit intervju med MSNBC der han karakteriserte Trump og Vance som «rare».

Det slo an. Klippet gjekk viralt, og taktikken fekk fotfeste innad i Det demokratiske partiet også.

Tim Walz uttrykker seg på MSNBC

Tim Walz om Trump og Vance: – Dei er rare folk.

Trumps politiske motstandarar har vore opptatte av å framstille han som ein fare for demokratiet.

Men Walz’ meir humoristiske angrepsvinkel, der han får fram kor merkelege nokre av utspela til Trump og Vance har vore, ser ut til å nå fleire.

Klassisk arbeidarbakgrunn

Ifølge amerikanske medium var personleg kjemi viktig for Harris då ho skulle velje sin nummer to. Som visepresident til Joe Biden veit ho godt kor tett dei to skal jobbe saman.

Sjølv skriv Biden på X at Harris val av visepresidentkandidat er ei «flott avgjerd».

Tim Walz og Kamala Harris i Minnesota i mars. Då snakka Harris til Planned Parenthood, ein organisasjon som jobbar for reproduktive rettar og retten til abort.

Tim Walz og Kamala Harris i Minnesota i mars. Då snakka Harris til Planned Parenthood, ein organisasjon som jobbar for reproduktive rettar og retten til abort - ei viktig sak for både Harris og Walz.

Foto: Adam Bettcher / AP

Walz er kjend for å vere jordnær og pragmatisk.

Han vaks opp blant 3000 andre i bygda West Point og tok utdanninga si på eit lokalt, lite universitet.

Før han blei guvernør, var Walz historielærar og trenar for eit fotballag ved ein lokal skule. Han er også ein militærveteran.

– Han har ein klassisk amerikansk arbeidarklassebakgrunn, seier USA-ekspert Sofie Høgestøl, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo.

Tim Walz smilte breitt då dronning Sonja besøkte i Minnesota i oktober 2022.

Tim Walz smilte breitt då dronning Sonja besøkte i Minnesota i oktober 2022.

Foto: Tove Bjørgås

Det kan vere ein stor fordel for Harris. Ho er sjølv frå ein liberal stat, studerte juss på eit universitet med kallenamnet «black Harvard» og har høgt utdanna foreldre.

– Er det éin ting Demokratane har slite med dei siste vala, så er det å nå distriktsveljarane, seier Høgestøl.

Sofie Høgestøl

Sofie Høgestøl er førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og har ein vekentleg podkast om det amerikanske valet.

Foto: Johanna Hauge / NRK

Harris gjer det godt i fleire store byar og urbane miljø. Men når ein kjem ut på landsbygda, er det Republikanarane som vinn.

Og Minnesota ligg i det såkalla rustbeltet i USA, som Trump prøver å appellere til.

– Walz sin hovudjobb i haust blir å appellere til tradisjonelle veljarar i Midtvesten, trur Høgestøl.

To menn som står i kø for å vente på første opptreden med Kamala Harris og visepresidentkandidat Tim Walz, iført T-skjorter med teksten "Gamle kvite menn for Harris og fridom".

To som står i kø for å høyre Kamala Harris og Tim Walz opptre som president- og visepresidentkandidat saman for første gong. Dei er positive til laget.

Foto: Tove Bjørgås

«Full pakke»

Professor i statsvitskap og USA-ekspert Hilmar Mjelde kan godt sjå kvifor Harris valde Walz over dei andre kandidatane.

– Tim Walz er full pakke. Han har politisk erfaring frå øvste nivå, har vore den tonesettande kritikaren til Trump dei siste vekene og er populær i alle delar av partiet, seier han.

Hilmar Mjelde, professor i statsvitenskap ved HVL.

Hilmar Mjelde er professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og forskar på amerikansk politikk.

– Det kan bli ein kraftfull kombinasjon. Dette betyr at Demokratane no endeleg er klare til å sette i gang valkampen mot Trump, seier Mjelde.

Men Harris tar også ein risiko med å velje Minnesota-guvernøren, trur Mjelde, fordi han kan vere for venstreorientert for mange veljarar.

Walz blir nemleg sett på som svært progressiv, og har sterke band med fagforeiningane.

Som guvernør har han innført eigne delstatsreglar for foreldrepermisjon, beskytta rettane til transpersonar, innført gratis skulemat og jobba med å legalisere marijuana.

Tim Walz signerer lov om gratis skolemat

Tim Walz signerer lov om gratis skulemat, og både sjarmerer og blir sjarmert av skulebarn.

Ikkje frå ein vippestat

Amerikanske medium hadde på førehand peikt ut seks namn som favorittar. Måndag var det snevra inn til desse tre:

  • Pennsylvania-guvernør Josh Shapiro (51)
  • Arizona-senator Mark Kelly (60)
  • Minnesota-guvernør Tim Waltz (60)

Alle kandidatane er kvite menn. Det tyda på at Harris ville velje ein som kan trekke moglege veljarar vekk frå Trump, meinte fleire kommentatorar.

Walz i juni.

Tim Walz er historielærar og fotballtrenar. Og kanskje USAs neste visepresident?

Foto: Elizabeth Frantz / Reuters

Men i motsetnad til Shapiro og Kelly, er ikkje Walz frå ein stat som er kritisk for Harris i valet.

– Slik sett er valet litt dristig. Harris slit ikkje med å vinne Minnesota, så det kan slå tilbake på henne seinare, om ho taper ein vippestat ho kunne hatt ein visepresident frå, trur Høgestøl.

Tim Walz og dronning Sonja i Minnesota i oktober 2022.

Walz tok imot dronning Sonja i Minnesota i oktober 2022.

Foto: Tove Bjørgås

Walz er heller ikkje særleg kjend blant amerikanarane, noko som kan gi Republikanarane ein sjanse til å definere han før han rekk å gjere det sjølv.

Høgestøl er spent på å sjå om dei prøver å «svartmale» han som ein venstreradikal, slik dei prøver å gjere med Harris.

Ein rask prosess

Det har vore ein virvelvind av ein valsommar i USA.

Tysdag morgon norsk tid blei det annonsert at Harris er Demokratane sin presidentkandidat med god margin.

Ho har berre hatt nokre veker på seg til å velje sin visepresidentkandidat, ein prosess som vanlegvis tek fleire månadar.

Kamala Harris

Kamala Harris på eit veljarmøte i Georgia førre veke.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Tysdag legg Harris og Walz etter planen ut på ein fire dagar lang turné, mellom anna til fleire vippestatar. Det heile startar med eit valmøte i Philadelphia i Pennsylvania.

Mange har tolka det som eit teikn på at Josh Shapiro låg an til å bli visepresidentkandidat, men det var altså til slutt Walz som landa stillinga.

Interessert i utanrikssaker? Høyr utanriksredaksjonen sin podkast:

SISTE NYTT

Siste meldinger