NRK Meny
Normal

– Den nye reformen er eit liksom-demokrati

Hongkongs leiar, Leung Chun-ying, var utfordra til å trekke seg då han torsdag støytte saman med sinte pro-demokrati politikarar over regjeringa sin kontroversielle valreformpakke, som det skal stemmast over neste månad.

Demonstrerer i den lovgivande forsamlinga

PROTESTERER: Ray Chan er ein av reformkritikarane i den lovgivande forsamlinga, her med den symbolske gule paraplyen.

Foto: aaron tam / Afp

Pro-demokrati-politikarane vil blokkere pakken når den skal stemmast på i juni og kallar det eit falsk demokrati ettersom leiarkandidatar til vervet som øvste politiske leiar vil

Leung Chun-ying

NEKTAR Å TREKKE SEG: Leung Chun-ying har vore den øverste politiske leiaren i Hongkong sidan 2012.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

måtte verte godkjende av ein nominasjonskomité, lojale til Beijing. Dei meiner at Leung Chun-ying må trekke seg om pakken ikkje går gjennom.

– Om medlemmer av den lovgivande forsamlinga ikkje sluttar seg til forslaget, vil folket då be dei om å trekke seg? parerte Chun-ying.

Hongkong har sidan 1997 vore under kinesisk administrasjon, med med eit visst lokalt sjølvstyre, det såkalla «One country, two systems», eit system kinesiske myndigheiter omtaler med store ord. Då den kinesiske regjeringa begynte å kome med motførestellingar mot eit fritt val i 2017 starta ei stor mobilisering som "okkuperte" og lamma sentrum av byen i fleire månader i fjor haust.

«Peik på eit rådyr, kall det ein hest»

I den oppheta debatten i den lovgivande forsamlinga torsdag vart medlemmer vart utvist etter dei stadig avbraut diskusjonen og vifta med ein gul paraply, symbolet på folkets motstand.

Nokre hadde også med pappfigurar som viste råddyr, med påskrifta "hest" på kinesisk. Dette refererer til det kinesiske uttrykket "Peik på eit rådyr, kall det ein hest" som viser til det dei meiner er hykleri.

Lovgivarane skal møte representantar frå Beijing søndag i Shenzhen for å prøve å kome fram til ei felles forståing mellom dei to sidene som til no har vist seg nokså fastlåst i posisjonane sine. Dette er første gong dei to sidene møtest sidan reformforslaget vart lansert.

– Kva skal vi i Shenzhen? Det er ikkje noko rom for endringar, sa den pro-demokratiske politikaren Ray Chan til AFP.

Myndigheitene har vorte kritiserte av demokratiforkjemparar for å halde møtet same dag som det skal vere ein marsj i Hongkong for å markere årsdagen for Tiananmen-massakren.

Demokratiprotest i Hong Kong

PROTESTANE HELD FRAM: Det er ikkje like trangt i gatene som i haust, men protestane held fram.

Foto: DALE de la REY / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt