Hopp til innhold

Halden som «gissel» av seks meter lang krokodille i to veker

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein ung kajakkpadlar var fanga på ei avsidesliggjande øy i Australia i to veker. Ein seks meter lang krokodille hindra han i å forlate øya.

Den nyzealandske padlaren Ryan leigde seg båtskyss til øya Governor Island nordvest i Australia med kajakken sin. Planen hans var å padle dei fire kilometrane tilbake til fastlandet, etter først å ha utforska området rundt øya.

Saltvasskrokodillen kan bli sju meter lang.

Det var ein krokodille av denne typen som trua ein kajakkpadlar i det nordvestlege Australia.

Foto: MARINELAND MELANESIA / Afp

Han hadde planlagt å slå leir, men fann ut av han ikkje hadde nok forsyningar. Derfor ville han padle tilbake til fastlandet.

– Var truande

Då han la ut på turen mot fastlandet dukka den gigantiske saltvasskrokodillen opp. Ryan fortel at krokodillen oppførde seg svært truande, og at han padla så fort han kunne inn på tørt land.

Det same skjedde kvar gong han prøvde å padle frå øya, og den livredde turisten frykta at han skulle bli krokodillemat. Han innsåg til slutt, har han fortalt, at han ikkje kom seg frå øya med kajakken. Krokodillen fylgde han med auga heile tida, sa han, men kom ikkje etter han på land.

Ryan hadde lite med mat og drikke med seg, og Governor Island har ikkje ferskvasskjelder. Han gøymde seg inne i jungelen, sparte på vatnet, og gjorde det han kunne for å signalisere til omverda at han var i naud.

Såg lyssignal

Ein mann frå Kalumburu på fastlandet, Don Macleod, oppdaga ein kveld eit lys han ikkje hadde sett før på Governor Island. Han fekk med seg ein kamerat og tok båten over til øya.

Då dei kom til land vart dei møtte av Ryan, som var i fullstendig sjokk. Han var desperat etter noko å drikke, men var enormt glad og takksam for å bli redda

– Han var lukkeleg då han vart berga. Han var desperat etter vatn, men vi gav han ei kald øl. Det var sikkert ikkje heilt bra, for han sovna fort i båten tilbake, seier Don Macleod til ABC News Australia .

– Like lang som båten

Macleod fortel at han kjenner til den enorme krokodillen frå før.

– Ein gong dukka han opp rett ved sida av båten min, som er 20 fot land. Han var minst like lang som båten, seier han til ABC.

Den newzealandske kajakkpadlaren prøver no å kome til krefter igjen ein stad på fastlandet. Han har førebels ikkje uttalt seg til media.

Så seint som sist månad vart ein mann teken av ein diger krokodille medan han bada i ei elv i Northern Territory, medan sjokkerte vener og andre til stades stod og såg på.

SISTE NYTT

Siste nytt