Hopp til innhold

Juvelar for 310 millionar stolne

Ein væpna mann har stole juvelar til ein verdi av svimlande 310 millionar kroner på eit luksushotell i Cannes.

Carlton Hotel i Cannes

Smykketjuveriet skal ha skjedd i lobbyen på luksushotellet Carlton Hotel.

Foto: REGIS DUVIGNAU / Reuters

Brekket skjedde søndag formiddag under ein utstilling av juvelar ved Carlton Hotel i Cannes, som ligg på den franske rivieraen.

Dei stolne juvelane var verdt 40 millionar euro, eller svimlande 310 millionar kroner, noko som gjer tjuveriet til eit av dei største i Europa dei siste åra.

Hotellet er rekna som eit av dei met eksklusive hotella i den glamorøse byen, og ligg i Croisette-promenaden. Brekket er ifølgje BBC det førebels største i ei serie av liknande tjuveri i byen, som er verdskjend for den årlege filmfestivalen.

Utstillinga skulle gå føre seg i lobbyen på hotellet, og det var i hovudsak diamantar som var utstilt.

Ifølgje lokale media fekk tjuven med seg juvelane i ein koffert etter at han hadde retta våpen direkte mot personar på hotellet. Ingen skal ha kome fysisk til skade under ranet.

– Ein høgt prioritert operasjon er i gong for å få tak i den skuldige og for å få returnert juvelane, seier ein politimann i Cannes til BBC, som stadfestar at Cannes lenge har vore eit ynda mål for smykketjuvar.

Det var også to smykketjuveri under filmfestivalen i Cannes i mai i år. Chopart-smykke til ein verdi av rundt ein million amerikanske dollar blei den gongen stelt frå safen på hotellrommet til ein tilsett i eit smykkeselskap.

SISTE NYTT

Siste nytt