Hopp til innhold

Juncker: – Vegen vidare blir avgjerande

– I fjor sa eg at det ikkje var nok union i unionen. Det meiner eg framleis. Det er framleis mange ting som ikkje fungerer, sa EU-kommisjonens president i den årlege talen til EU-parlamentetet.

France Europe's Future

Til liks med Hillary Clinton har det vore spekulasjonar om helsetilstanden til 61 år gamle Juncker. Han såg ut til å vere i god form onsdag då han leverte årets 'State of the Union'-tale til EU-parlamentet i Strasbourg.

Foto: Jean Francois Badias / Ap

Talen kjem i forkant av eit EU-toppmøte i Bratislava fredag. Der samlast alle EUs medlemsland, minus Storbritannia, for å stake ut kursen vidare for eit EU utan britane.

– Vi respekterer samtidig som vi beklagar Storbritannias avgjersle om å trekke seg, men EU er ikkje truga, sa Jean-Claude Juncker om det som nok er årets mest avgjerande hending for EU – Brexit.

Stor spenning var knytt til kva den til tider uføreseielege Juncker ville seie om dette, men han gjentok det han har sagt før; det vil ikkje bli noko fellesmarknad «à la carte» for britane, og han ser helst at utmeldingsprosessen går så raskt som mogleg.

Oppfordrar til å bygge bru i flyktningpolitikken

Han talte til eit EU som for tida er prega av sterke spenningar, blant anna mellom landa i aust og vest, der dei nyare medlemslanda frå Aust-Europa har vist seg skeptiske til EUs politikk når det gjeld flyktningar, ført an av Merkel og hennar vedkommande haldning då eit rekordhøgt tal migrantar kom til Europa i fjor.

Luxembourgs utanriksminister foreslo denne veka i eit intervju med tyske Die Welt å suspendere Ungarn på grunn av det han meiner er ein umenneskeleg flyktningpolitikk.

FILES-EUROPE-MIGRANTS

Juncker understreka viktigheita av å beskytte Europas grenser, og foreslår eit register over alle som kryssar europeiske grenser. EU-president Donald Tusk har signalisert at dette blir eit viktig tema på toppmøtet i Bratislava fredag.

Foto: SAKIS MITROLIDIS / Afp

– Eg oppfordrar det slovakiske presidentskapen til å bygge bru mellom dei som er skeptiske til å integrere flyktningar i deira samfunn og dei som er overbeviste om at integrering og omfordeling er essensielt, sa Juncker.

Han viste til at ordet solidaritet er nemnd 16 gonger i EU-traktaten, og at dette også gjeld økonomien. Juncker uttrykte spesielt uro for den store ungdomsarbeidsløysa på kontinentet.

– Eg vil ikkje akseptere at dagens generasjon kan bli den første på 70 år som blir fattigare enn foreldra sine, sa han, og nemnde ungomsgarantien som har som mål om at alle under 25 skal få eit tilbod om arbeid eller utdanning innan fire månader utan.

Han foreslo også å doble investeringsfondet han lanserte i fjor for å få fart i den økomiske veksten i Europa.

Forsvars- og utanrikspolitikk

Som forventa snakka han om planane om eit felles forsvar i EU, som Tyskland og Frankrike har gått i bresjen for. Det er snakk om eit felles militærhovudkvarter, ein felles hær og samordning innkjøp av militært utstyr. Juncker understreka at dette ikkje vil utfordre Nato, men kome i tillegg til den transatlantiske forsvarsalliansen.

SWITZERLAND-UN-SYRIA-TALKS

Syria er eit døme på eit område der EU burde påverke meir, meiner Juncker. Her er EUs utanrikssjef Federica Mogherini i samtale med FNs spesialutsending for Syria, Staffan de Mistura, i Genève tidlegare i år.

Foto: MARTIAL TREZZINI / Afp

Juncker lufta også tanken om at EU skulle hatt ein utanriksminister, sjølv om han understreka at han er svært nøgd med jobben utanrikssjef Federica Mogherini gjer. Han nemnde krigen i Syria som eit døme der han meiner unionen burde vere meir på bana.

– Kvar er unionen, kvar er medlemslanda når det gjeld å kome med ei løysing på konflikten, spurte Juncker, og oppfordra til at EU utviklar ein eigen Syria-strategi.

– Vi må forklare EU betre

Juncker snakka mykje om korleis dei kan kome seg vekk frå frykta om at Brexit berre er starten og at fleire kan følge etter, blant anna med å kjempe mot populisme og nasjonalisme, og lytte meir til unionens 500 millionar borgarar.

Han understreka at unionen ikkje kan utvikle seg utan at nasjonalstatane er med på det.

– Vi må forklare EU betre, sa Juncker, og sa at han har bede kommissærane om å besøke dei nasjonale parlamenta dei neste vekene for å debattere unionen.

– Historia vil ikkje hugse oss, men den vil hugse feila våre. Lat oss ikkje vere skuldig i feil som øydelegg den europeiske draumen. Obrigado, bedande, mille grazie, avslutta Juncker etter nær ein time på talarstolen.

SISTE NYTT

Siste nytt