Julian Assange, som oppheld i den ecuadorianske ambassaden i London av frykt for å bli utlevert til Sverige, etter å ha blitt meldt til politiet der for valdtekt. Assange seier at skuldingane mot han er politisk motiverte, og han fryktar for at svenske styresmakter vil sende han vidare til USA.
Han har vore i ambassadebygningen i London sidan 19. juni i fjor.
Hemmeleg materiale
Den amerikanske soldaten Bradley Manning er mistenkt for å ha gitt hemmelege militære rapportar til Wikileaks. Han risikerer streng straff.
Foto: JIM WATSON / AfpI USA er han under etterforsking for lekkasjar av hemmeleg materiale frå amerikanske ambassadar og forsvaret, og han risikerer streng straff om han blir funnen skuldig.
Varslarnettstaden Wikileaks har skaffa fram store mengder hemmeleg materiale, mykje av det frå amerikansk diplomatpost, som dei har publisert på Internett. Assange har sjølv bakgrunn som hackar (datasnok), og han har også jobba med å utvikle programvare for dataindustrien.
Den australske advokaten Greg Barns, som skal leie valkampanjen for Julian Assange, seier at det vil vere «pinleg» dersom Assange skulle vinne ein plass i det australske parlamentet, og ikkje kan møte.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Australsk ansvar
Ved sidan av Victoria vil Wikileaks stille lister i New South Wales og Western Australia, men Greg Barns seier dei også kan stille til val også i andre delstatar. Parlamentsvalet i Australia er 14. september.
Valkampleiaren seier no at australske styresmakter har eit ansvar for at Julian Assange trygt kan vende tilbake til heimlandet.
Australske styresmakter har tidlegare kome med sterk kritikk av Assange og Wikileaks for å ha offentleggjort materiale som kan setje menneskeliv i fare.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Populær i Australia
Likevel har Assange mange tilhengjarar i heimlandet. Greg Barns avviser at det å gjere Wikileaks til eit politisk parti er ein manøver for å presse australske styresmakter til å sikre at Assange kan kome tilbake til Australia.
Faren til Julian Assange, John Shipton, er utnemnd til leiar for partiet Wikileaks, og at han gjer det klart at sonen er sterk politisk engasjert. Han lovar at Julian Assange vil arbeide for utvida pressefridom og auka openheit om han blir valt inn i det australske senatet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: