NRK Meny
Normal

Statsministeren flykta frå rasande demonstrantar

Australias statsminister Julia Gillard måtte flykte frå rasande urinnbyggjarar under ei markering av den australske nasjonaldagen i dag.

Video Statsministeren måtte flykte

VIDEO: Sjå den dramatiske flukta her. Julia Gillard blir slept med at tryggingsvaktene.

Ein australsk urinnbyggjar ropar slagord mot statsministeren.

Eien australsk urinnbyggjar ropar slagord mot statsministeren.

Foto: EVN / GBAPTN

Feiringa av Australia Day 26. januar, dagen då dei første britiske innvandrarane kom dit i i 1788, er omstridd i Australia. Etterkomarane av britane ser på datoen som eit symbol på grunnlegginga av det moderne Australia, medan urinnbyggjarane kallar dagen for Invasion Day, Invasjonsdagen.

– Ulovleg kolonisering

Dei meiner at innvandrarane frå Storbritannia koloniserte Australia ulovleg, utan å inngå ein avtale med dei som budde der frå før.

200 menneske som kjempar for rettane til urinnbyggjarane i Australia, aborginarane, møtte opp då Julia Gillard saman med opposisjonsleiaren Tony Abbott skulle markere Australia Day på ein restaurant i hovudstaden Canberra.

Demonstrantane ropte slagord mot statsministeren, der ho blant anna vart kalla rasist. Dei prøvde å kome seg inn i restauranten, og stemninga var svært spent.

Her blir statsministeren dytta inn i bilen av tryggingsvaktene.

Her blir statsministeren dytta inn i bilen av tryggingsvaktene sine.

Foto: EVN / GBAPTN

Då avgjorde livvaktene til statsministeren at dei måtte få henne unna. Rundt 50 politifolk hadde full jobb med å halde demonstrantane borte frå Julia Gillard.

Vart slept til bilen

Livvaktene drog med seg den forskrekka statsministeren ut ei sidedør og nærmast slepte henne med seg ned til bilen. I tumultane miste ho ein sko, men ho kom ikkje til skade.

Ho var vertinne for ein samkome i statsministerbustaden seinare på dagen, og då prøvde ho å tone ned det som hadde skjedd på restauranten.

Politiet gjorde det dei kunne for å halde demonstrantane tilbake.

Rundt 50 politifolk hadde si fulle hyre med å halde demonstrantane tilbake.

Foto: EVN / GBAPTN
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt