Hopp til innhold
Urix forklarer

Er dette verkeleg slutten på ein av verdas verste krigar?

Mange liv er redda etter at hovudpartane i Etiopia vart einige om å stanse kriginga. Men fråvær av krig betyr ikkje nødvendigvis fred. I alle fall ikkje endå.

To menn med mørk hud er begge kledd i fine dressar. Dei sit ved eit bord og er i ferd med å få nokre dokument framfor seg. Det er spent stemning, og alle ser på dokumenta.

Redwan Hussien, til venstre, signerte på vegner av den etiopiske regjeringa. Getachew Reda representerte Tigray. Dokumentet dei signerer seier at dei to partane skal slutte å krige i Tigray.

Foto: SIPHIWE SIBEKO / Reuters

Det vart eit overraskande og gledeleg utfall av fredssamtalane i Sør-Afrika. Nokre dagar på overtid kom delegasjonane frå den etiopiske regjeringa og Tigrays Frigjeringsfront ut av forhandlingslokala, saman med meklar Olusegun Obasanjo.

No kan statsminister og fredsprisvinnar Abiy Ahmed snakke om fred igjen, i staden for å leie ein krig.

Starten på eit nytt Etiopia?

Obasanjo, den tidlegare presidenten i Nigeria og Den afrikanske unions utsending til fredssamtalane, kunne melde om det han kalla «starten på ei ny tid for Etiopia».

Han fortalde at partane var einige om å stanse kriginga, og starte gjensidig avvæpning. I Tigray skal tenester kome tilbake att, og det skal bli opna for naudhjelp inn til eit utsvelta folk.

Tigray ligg lengst nord i Etiopia, mellom Eritrea og nabodelstatane Afar og Amhara.

Rundt 5 millionar menneske i Tigray manglar mat. Mange har døydd av svolt eller sjukdommar dei ikkje har fått medisinar til å behandle. Det er desse menneska som kan vere aller gladast no.

Nyheita er også gledeleg for resten av landet, som har måtte bruke mykje av fellesskapets pengar på å føre krig, samtidig som prisane på varer har gått opp.

Så er spørsmålet. Kva skjer no?

Avtalen legg opp til at grunnleggande tenester og humanitær hjelp skal inn i Tigray. Partane seier sjølv at dei treng tid til å bygge tillit. Det skal etter planen skje ved å stanse all form for krig og samtidig drive gjensidig avvæpning.

Om tilliten blir god nok, så kan kanskje fredssamtaler bli til fredsforhandlingar, der målet på lang sikt er å peike ut ei felles retning.

Det er dette som kanskje bli den nye starten for landet, som den fredsmeklar Obasanjo snakka om.

Avtalen er full av gode hensikter, men tidsfristen er knapp og hindringane er mange. Skal avtalen faktisk skape stor endring på bakken, må fine ord bli til handling. Og det må skje raskt.

Les også: Klare for fredssamtaler om krigen i Etiopia

KOBx32ceEYo
KOBx32ceEYo

Kva med alle dei som ikkje var i Sør-Afrika?

Nokre av dei største hindra er at fred i Etiopia også er avhengige av heilt andre grupper enn dei som møttest til fredssamtaler i Sør-Afrika.

Amhara og Afar er to andre delstatar i Etiopia, og dei er begge nabodelstatane til Tigray. Dei har lenge vore i konflikt med Tigray, og dei er særleg ueinige om kven som skal kontrollere nokre fruktbare grenseområde mellom delstatane.

Nord for Tigray ligg Eritrea, som lenge har vore hovudmotstandaren til Tigrays Frigjeringsfront (TPLF). Difor har også Eritrea sendt soldatar til krigen som har gått føre seg i Tigray dei siste to åra.

Ei gruppe menneske er kledde i fargerike klede. Det ser ut som ein familie, med både besteforeldre og barn. Til saman er dei åtte stykker, og dei har med seg ein del utstyr. Dei ser ut som flyktningar, og går gjennom eit knusktørt landskap kor det berre er nokre buskar og eit par tre.

Mange har måtte flykte frå kampane i Tigray.

Foto: Ben Curtis / AP

Som om ikkje det var nok, så har me delstaten Oromia i tillegg. Grupperingar der har alliert seg med TPLF. Dei har hatt ein felles fiende i sentralregjeringa i Etiopia, og politikken til statsminister Abiy Ahmed.

Mange har peikt på at fredsforhandlingane i Sør-Afrika burde inkludert fleire, og spesielt Amhara, Afar og Eritrea, om ein skal oppnå varig fred.

No vil tida vise om dei andre partane i krigen kjem til å respektere at det er inngått ein avtale om slutte å krige. Og om regjeringa sine tidlegare samarbeidspartnarar held fram krigføring, vil Abiy Ahmed då gjere alt han kan for å stanse dei?

Det er mange spørsmål som det framleis ikkje finst svar på, men dei to partane som møtte kvarandre i Sør-Afrika sa tydeleg i går at dei meiner alvor av forpliktingane dei har inngått.

Les også: Det går rykte om ein fredsavtale i Etiopia – men avtalen kan skape meir bråk enn fred

Soldatar frå Etiopias regjeringshær marsjerer på eit arrangement til støtte for statsminister Abiy Ahmed.
Soldatar frå Etiopias regjeringshær marsjerer på eit arrangement til støtte for statsminister Abiy Ahmed.

Er dei politiske usemjene løyst no?

Mykje av grunnen til at krigen blussa opp i Tigray handlar om usemjer om korleis Etiopia skal organiserast og styrast.

Skal det vere mykje makt på delstatsnivå, slik det har vore dei siste tiåra. Eller skal makt samlast meir sentralt i hovudstaden Addis Abeba?

TPLF, som hadde mest makt i heile landet fram til statsminister Abiy Ahmed tok over, har vore veldig negative til at den nye statsministeren vil sentralisere makta.

Abiy vil samle landet, og skape eit felles Etiopia. Men det har altså ikkje vore så populært i eit land kor ulike mektige grupper har styrt ulike delstatar.

Abiys ønske om endring møtte så mykje motstand i Tigray at det enda i ein blodig konflikt. Partane er ueinige om kven som starta krigen, men uansett kven som starta, så har utfallet blitt blodig og dødeleg.

 Etiopias statsminister Abiy Ahmed. Han har solbriller, og ein mikrofon i handa. Han er kledd i ein kvitg og grøn dress. Han taler for eit publikum.

Abiy Ahmed har store draumar og visjonar. Men ikkje alle i Etiopia likar dei.

Foto: Mulugeta Ayene / AP

Den nye fredsavtalen nemner ikkje dette med eit einaste ord, og det er uklart om Abiy Ahmed no må endre på sine politiske planar og draumar, eller om han kjem til å jobbe vidare med å gå gjennomført reforma han har ivra for.

Sjølv kallar han Sør-Afrika-avtalen for ein siger i krigen mot TPLF og hæren i Tigray. Men sigeren har i så fall kosta dyrt, i form av eit endå meir splitta land, ein økonomi som peikar nedover og fleire hundre tusen døde landsmenn.

Styresett og desentralisert maktstruktur er uansett tema som vil fortsette å skape konflikt i Etiopia, eit land med ein felles og stolt historie, men også eit land med ulike folkeslag og meiningar.

Krigen i Tigray har skapt mange vonde minne, skapt hat og ført til død. Ikkje alle sår vil klare å gro igjen, men med gårsdagens avtale kan ein kanskje klare å unngå at nye sår blir skapt.

SISTE NYTT

Siste nytt

Her har det russiske private selskapet Wagner sitt eget område der de begraver leiesoldater som har mistet livet i krigen i Ukraina. Video: Reuters.

Reuters: En russisk gravplass avslører Wagners hær av fanger

En gravplass i Sør-Russland begynner å fylles opp. Her er det leiesoldater fra den private Wagner-gruppen som gravlegges. Ifølge Reuters er mange av de døde tidligere fanger.