NRK Meny
Normal

Journalist kan få 105 år i fengsel

Den store jakta på varslarar i USA har no ført til at også journalistar vert straffa. – Framtida til den undersøkande journalistikken er truga, seier Reporterar utan grenser.

Barrett Brown

Journalisten og aktivisten Barrett Brown kan risikere så mykje som 105 år i fengsel.

Foto: Wikimedia Commons

Varslarsakene i USA har fått svært stor merksemd i verdspressa dei siste månadene. I går kom den historiske dommen mot Bradley Manning, samtidig som skjebnene til Edward Snowden og Julian Assange er alt anna enn sikre.

Men varslarsakene har også fått konsekvens for den gravande journalistikken i landet. I mai vart det kjend at det amerikanske styresmakter spionerte på nyheitsbyrået AP.

Organisasjonen Reporterar Utan Grenser slår no alarm om utviklinga av den undersøkjande journalistikken i USA, etter at den undersøkjande journalisten Barrett Brown frå Texas har blitt arrestert.

Journalisten, som har skrive både for The Guardian og Vanity Fair, vart i september 2012 arrestert for å ha undersøkt innhaldet i meir enn fem millionar interne epostar frå det private tryggingsselskapet Sratford. Brown er novaretektsfengsla, og risikerer å bli tiltalt for brot som har ei strafferamme på 105 år.

Tiltalen går ut på heleri av stolne dokument, og er basert på at han delte datafiler som var tekne av profesjonelle hackarar. Brown har så langt vore varetektsfengsla i 10 månader, skriv Washington Times.

– Gjorde plikta si

– Barrett Brown er ikkje ein hackar, og han er ikkje ein kriminell. Barrett var ein undersøkjande journalist som gjorde plikta si ved å undersøke epostane til Stratfor, noko som har offentleg interesse, seier generalsekretær i Reporterar utan grenser, Christophe Deloire på organisasjonen sine nettsider.

Deloire kallar trugselen om fengselsstraff på eit hundreår for «absurd og farleg».

Det er starta ein organisasjon for å få sett Brown fri frå fengselet, Free Barret Brown. Dei skildrar han som representant for ein ny generasjon av journalistar som også er aktivistar.

– Eg er sikkert på at dei institusjonskritiske meiningane mine er ein viktig grunn til det FBI har gjort i saka. Basert på det eg har avslørt kan justisdepartementet aldri gi meg ein rettferdig rettssak, sa Brown i fjor.

Organisasjonen prøvar no å skaffe minst 190.000 dollar i donasjonar som kan betale for rettssaka hans. Brown erkjente i eit intervju at han gjorde noko ulovleg

Amerikanske styresmakter har så langt ikkje uttalt seg til media om Brown-saka.

Pulitzer-vinnar kan bli fengsla

Parallelt med dette går det føre seg ein kanskje endå meir prinsipielt viktig etterforsking. New York Times-journalisten James Risen risikerer fengselsstraff dersom han nektar å vitne mot spiondømte Jeffrey Sterling, som var hans konfidensielle kjelde. Risen har sagt at han kjem til å akseptere fengselsstraff dersom det er prisen han må betale for å beskytte kjelda si.

Jim Risen

New York Times-journalist James Risen kan risikere fengsel for å nekte å gi retten informasjon om ein konfidensiell kjelde.

Foto: Pressefoto

Risen gav ut boka «State of War», der han forklarar korleis CIA forsøkte å publisere falske våpenoppskrifter retta mot iranske våpenfabrikkar. Operasjonen vart ein stor flopp som enda med at ein russisk dobbeltagent tipsa iranarane om dei falske oppskriftene.

New York Times avgjorde å ikkje publisere saka til Risen, noko som førte til at Risen gav den ut på eigen hand. Kort tid etter boka starta George Bush-administrasjonen jakta på journalisten, og Obama attopna saka i løpet av den første presidentperioden.

Ein føderal domstol avgjorde førre veke å ikkje gi Risen beskyttelse under det første grunnlovstillegget, som handlar om ytringsfridom.

Det at Risen er ein av USAs mest respekterte gravejournalistar og har gjort seg fortent til to Pulitzer-prisar, har lite å seie når straffereaksjonen mot han no er i ferd med å bli bestemt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt