Jostein vart lettare skadd etter Istanbul-eksplosjonen

Jostein Nielsen, nestleiar for Frelsesarmeen si verksemd i Aust-Europa, vart lettare skadd under eksplosjonen i Istanbul.

Turkey Explosion

SKADD: Jostein Nielsen fekk ein splint i beinet då bomba eksploderte i eit turistområde i Istanbul.

Foto: Emrah Gurel
Andrew Hannevik, informasjonssjef i Frelsesarmeen

Andrew Hannevik, informasjonssjef Freslesarmeen

Foto: Frelsesarmeen

– Det stemmer at ein av våre er skadd i Istanbul. Han er skadd i kneet og ventar på operasjon, seier Andrew Hannevik, informasjonssjef Freslesarmeen til NRK.

Nielsen vart skadd i ein kraftig eksplosjon midt i turistområdet i Istanbul. Minst ti menneske vart drepne i eksplosjonen som skjedde i Sultanahmet, like ved Den blå moské.

Lettare skadd

Ifølgje Dagbladet, som vart først ute med nyheita, var Nielsen og kona hans på veg til Hagia Sofia-muséet, som ligg rett ved Sultanahmet-plassen, då bomba gjekk av.

– Eg høyrde først eit smell som eg trur var det som utløyste bomba. Deretter kom det verkelege smellet. Eg kjente at kneet mitt slutta å virke. Det låg menneskerestar over heile plassen, seier Nielsen til TV 2.

Nielsen sleppte unna med ei lettare skade i kneet, og vart køyrd til sjukehus. Hannevik seier til NRK at Nielsen blir operert i morgon. Kona hans Magna Våje Nielsen skal vere uskadd.

Ekteparet var på gjennomreise i Istanbul medan dei venta på ei fly tilbake til Moldova, der dei vanlegvis jobbar.

– Han var rett og slett på feil stad til feil tid, seier Hannevik.

Kollega Andrew Hannevik om Jostein Nielsen som ble lettere skadd i eksplosjon i Tyrkia

Jostein Nielsen fekk ein splint i beinet då bomba eksploderte i eit turistområde i Istanbul.

Trur IS står bak

Tyrkiske styresmakter har identifisert ein 28 år gamal syrisk mann som sjølvmordsbombaren bak åtaket.

To høgtståande tyrkiske sikkerheitstoffiserar seier at det er svært sannsynleg at den militante ekstremistgruppa IS står bak terrorangrepet i Istanbul.

Også Helge Lurås, leiar ved Senter for internasjonal og strategisk analyse seier det er ganske sannsynleg at IS står bak.

– Det kan vere at IS prøver å sende eit signal til Tyrkia før turistsesongen, at dei må vere forsiktige med kor hardt dei slår ned på IS, og at IS kan slå tilbake, seier Lurås til NRK.

Den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan fordømmer åtaket og seier samstundes at Tyrkia er det fremste målet til alle terrorgrupper i regionen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt