Hopp til innhold

Jostein såg bomba gå av i turistgruppe

ISTANBUL/OSLO (NRK): Jostein og Magna Nielsen var berre 15 meter frå terrorbomba som gjekk av i Istanbul.

Jostein Nielsen

RÅKA: Jostein Nielsen (59) fekk splint frå bomba som gjekk av i Istanbul tysdag morgon, rett gjennom kneet. No ligg han på sjukehus og ventar på operasjon.

– Vi var om lag 15 meter frå staden der bomba gjekk av, fortel Jostein Nielsen frå sjukesenga på det statlege sjukehuset «Samatya hospital» i Istanbul i Tyrkia.

Ekteparet er utstasjonert i Moldova for Frelsesarmeen, og skulle eigentleg ikkje vore i Tyrkia i dag. Men på grunn av dårleg flyvêr fekk dei nokre ekstra dagar i Istanbul.

Dei to melde seg på ein guida gruppetur medan dei venta på at flyet til Moldova skulle gå.

Fekk telefon på jobb

Med fleire andre turistar gjekk dei med guiden i dei kjende turistområda.

Saman med gruppa til Nielsen, var det ei anna turistgruppe som stod ved eit monument

Silje Våje Andersen

SJOKK: – Eg rista og vart svært redd, seier Silje Våje Andersen om meldinga om at foreldra var involverte i terroren i Istanbul.

Foto: privat

like ved Sultanahmet-plassen. Dermed vart Nielsens si gruppe vinka bort til eit anna monument. Dei byrja gå i den retninga guiden vinka, då det small.

– Eg høyrde ein smell, som eit pistolskot. Eg snudde meg, og då seg bomba gå av i den andre gruppa, fortel han.

Samstundes var dottera Silje Våje Andersen på arbeid i Halden fengsel. Så fekk ho ein telefon frå mannen sin om foreldra.

– Eg vart veldig redd, og fekk rett og slett sjokk, seier Våje Andersen.

Det var mannen hennar som ringde og fortalde at foreldra var midt i eit terroråtak i Istanbul i Tyrkia.

– Eg fekk sjokk, og vart først veldig redd. Og byrja grine og riste. Ein byrjar å tenkje på kva som kunne skjedd, seier ho.

Splint gjennom kneet

Ho har fått snakke med begge foreldra etter at dei kom til sjukehus, og seier dei skal ha det etter forholda bra.

Eksplosjon på Sultanahmet-plassen i sentrum av Istanbul i Tyrkia

KAOS: Fleire vart drepne då bomba gjekk av ved Sultanahmet-plassen i Istanbul tysdag morgon.

Foto: MURAD SEZER / Reuters

– Pappa var roleg og avbalansert. Han klarte å spøke litt, sikkert for å prøve å roe oss ned. Men det er klart dei er påverka av det som har skjedd, seier Andersen.

Faren fekk ein splint gjennom kneet i angrepet.

– Men eg oppdaga ikkje det før eg prøvde å springe. Då lystra ikkje foten.

Han vart uroleg for kona, men ho kom springande til han, uskadd.

Dei to vart vitne til fleire skadde i kaoset etter eksplosjonen.

Vert operert onsdag

Ekteparet Nielsen rosar hjelpa dei har fått av helsepersonell som tok hand om

Eksplosjon i Tyrkia

MENNESKERESTAR: Jostein Nielsen og kona Magna vart vitne til menneskerestar liggande på bakken etter at bomba gjekk av.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

dei.

– Dei er svært takksame for alle hjelpa, og dei fekk hjelp veldig fort på bombestaden, fortel dottera.

Dagen har gått med til samtaler med foreldra og prat med anna familie og vener.

No ventar operasjon for Nielsen onsdag. Det er førebels uvisst korleis det vil gå etter det.

– Eg veit enno ikkje kva som vil skje etter operasjonen. No er vi berre takksame for at dei er i trygge hender, seier Andersen.

Kollega Andrew Hannevik om Jostein Nielsen som ble lettere skadd i eksplosjon i Tyrkia

SISTE NYTT

Siste nytt