Hopp til innhold

Jordskredet i Kina: – Oversåg åtvaringar

Feilgrep og åtvaringar som ingen tok omsyn til – nye opplysningar kjem for ein dag mens redningsmannskap framleis leitar etter menneske som er sakna etter jordskredet sør i Kina.

CHINA-LANDSLIDE

Jord og gjørme dekkjer eit enormt område i byen Shenzhen.

Foto: STR / Afp

Skredet i ein industripark i byen Shenzhen søndag skuldast truleg at ei enorm fylling med jord, skrot og bygningsavfall kollapsa. Minst 91 menneske er sakna og 33 bygningar er øydelagde som følgje av skredet.

Folk som bur i området fortel til nyheitsbyrået Xinhua at dette "fjellet" med dyvåt jord og avfall er bygd opp i løpet av eit par år. Fyllinga var rundt 100 meter høg.

TOPSHOT-CHINA-LANDSLIDE

Redningsarbeidarar leitar etter sakna i gjørmehavet.

Foto: STR / Afp

Høyrde drønn

Mo Shaoqing bur nær industriparken, og lever av å selje bildelar. Ho fortel at ho kvar dag ser bulldosarar som kjem for å dumpe gjørmete avfall i det tidlegare steinbrotet.

Søndag morgon stod ho å prata med naboane sine då dei brått høyrde eit kraftig drønn.

– Dundringa stansa, så kom lyden tilbake og blei sterkare og sterkare. Vi fleipa med at det måtte vere rikfolk i området som dreiv med fyrverkeri, fortel ho, ifølgje avisa The New York Times.

TOPSHOT-CHINA-LANDSLIDE

Ein vegg av raud jord og gjørme slo inn i industriparken i byen og knuste bustadar og fabrikkar. Her stansa 'gjørmeelva' rett ved ei høgblokk-

Foto: STR / Afp

– Folk kom springande og bad oss om å komme oss unna. Då skjønte vi at eit jordras var på veg rett imot oss. Vi hadde framleis berre pysjamas og tøflar på oss, men rakk ikkje å hente noko heime. Vi tok beina fatt umiddelbart, fortel ho.

Seinare kom ho seg heim for å hente meir klede, og måtte berre konstatere at store delar av leilegheita var dekt av gjørme.

«Avfallsfjell»

Byen Shenzhen ligg på grensa til Hongkong, i eit område med sterk økonomisk vekst. I slike område blir nye bygg gjerne sette opp på rekordtid, og ofte blir bygningsavfallet dumpa i strid med regelverket.

Jordskred i Shenzhen i Kina

Jord og gjørme i enorme mengder i industriparken i Shenzhen.

Foto: STR / Afp

Ulovleg dumping av slikt avfall er eit stort problem i Kina. Mange stader kan ein sjå store "fjell" med avfall i utkanten av byane, noko som fører til forureining og fare for flaum fordi dei hindrar den naturlege vassføringa.

Eit selskap i Shenzhen som arbeider med miljøovervaking har tidlegare åtvara mot forholda ved industriparken, ifølgje kinesiske medium. Selskapet, Zongxing Environmental Technology, publiserte i januar ein rapport der dei åtvara mot jorderosjon som kunne føre til jordskred. Rapporten blei publisert på selskapet sine heimesider.

TOPSHOT-CHINA-LANDSLIDE

Redningsmannskap leitar etter sakna i Shenzhen.

Foto: STR / Afp

Det var også eit oppslag om rapporten på nettsidene til dei lokale styresmaktene i Guangming-regionen, der Shenzhen ligg. Men dette oppslaget ser ut til å vere fjerna, ifølgje næringslivsavisa 21st Century Business Herald. Ei talskvinne for styresmaktene nekta å svare på spørsmål om dette.

Ei avis i Shenzhen skriv at avfallsdumpinga er blitt godkjent av ein tenestemann for Guangming-regionen – i strid med regelverket. Oppslaget, som blei sitert av ei rekkje kinesiske medium, er no sletta.

SISTE NYTT

Siste nytt