Hopp til innhold

Jordskjelvoffer søv under open himmel i Ecuador

Paul Rodriguez skulle berre besøke familien i Porteviejo, Ecuador. No søv han og ti slektningar under open himmel i frykt for etterskjelv.

Paul Rodriguez - Portoviejo

Familien til Paul Rodriguez bor nå under open himmel ved sidan av heimane sine. Elektrisiteten er borte, så det er mørkt i nabolaget.

Foto: Paul Rodriguez

Paul Rodriguez

Paul Rodriguez var på ferie i heimlandet da jordskjelvet kom. Han bur til vanleg i Oslo.

Foto: Paul Rodriguez

– Visepresidenten køyrde akkurat forbi her vi søv, fortel Rodriguez til NRK.

Han snakka litt til pressen. Sa at det no var 276 døde og over 2000 skadde.

Søv utandørs på lasteplan

Det er ti personar i familien og alle søv utandørs. Dei har laga seg senger på lasteplanet til pickupane sine som står parkert på gata utanfor heimen.

No er det kveld og nabolaget i Portoviejo er mørkt. Elektrisiteten er borte. Dei fryktar å gå tomme for vatn og mat. For maten som var i frysaren er øydelagd.

– Men i dag har det kome hjelpesendingar frå Venezuela og vi ventar også hjelp frå andre naboland. Det er veldig bra, seier Rodriguez til NRK.

Supermarknadene er stengde, men det går framleis an å skaffe seg mat og vatn på lokale marknadar.

– Men det har berre gått en dag etter jordskjelvet. Vi får sjå korleis det går i dagane som kjem, fortel han til NRK.

Paul Rodriguez - Portoviejo

Øydeleggingane i sentrum av Portoviejo er store. Dette bildet er teke av Paul Rodriguez, som er på ferie i Ecuador. Han og familien er i god behald.

Foto: Paul Rodriguez

– Veldig trist

Han har sendt fleire bilete til NRK som viser dei enorme øydeleggingane. Portoviejo er den sjuande største byen i Ecuador.

Rodriguez seier at det er trist å sjå heimbyen i ruinar. Styresmaktene hadde nyleg byrja å restaurere gamlebyen i sentrum.

Han har opplevd jordskjelv før, men dette var det absolutt verste.

Hadde flaks

Da jordskjelvet kom raste det betong fortel han.

– Vi var på ein kafe som var full av folk. Vi var veldig heldige for vi hadde forlate kafeen da jordskjelvet kom. Den bygningen vi var i har kollapsa. Det var fleire som omkom der fortel han.

– Eg fekk ein del betongrestar på føtene, men det gjekk bra. Vi lever i Ecuador, så vi er budde på at jordskjelv kan skje, fortel Rodriguez til NRK.

Paul Rodriguez

Eit høghus står på vippen. Det er farleg å bevege seg i Portoviejo no.

Foto: Paul Rodriguez

SISTE NYTT

Siste nytt