NRK Meny
Normal

Jordskjelv på 6.4 ramma Hellas

Eit jordskjelv med styrke 6,4 har ramma det søraustlege Hellas, 77 kilometer søraust for byen Alexandroupolis.

Laster kart, vennligst vent...

Skjelvet skjedde rundt 10 kilometer under havoverflata i Egearhavet, 18 kilometer frå øya Kamariotissa, opplyser US Geological Survey. S

Det vart først meldt at skjelvet hadde ein styrke på 7,2, men dette vart seinare redusert til 6,4. Det er førebels ikkje meldt om skadar etter skjelvet, som kunne merkast så langt aust som i Istanbul i Tyrkia og i Bulgaria. Ofgså i turistbyane Izmir og Antalya kunne ein merke skjelvet.

Folk merka skjelvet også på dei greske øyane Lemnos og Samothrace.

Hellas blir relativt ofte ramma av jordskjelv. I januar i år vart fleire tusen menneske heimlause etter eit kraftig jordskjelv på øya Kefalonia i Det joniske hav i den vestlegen delen av Hellas.

Saka blir oppdatert

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt