Hopp til innhold

Jordansk politi i ny skotveksling med islamistar

Fire jordanske politifolk er drepne i kampar mot ei gruppe væpna menn som hadde forskansa seg i eit hus i byen Karak sør i landet.

Uro i Jordan.

Jordansk politi har fleire gonger vore i kamp med islamistar i Karak sør i landet dei siste dagane.

Foto: Khalil Mazraawi / AFP

Jordanske nyheitsmedium melde i ettermiddag om harde kampar mellom politiet og dei væpna mennene, som styresmaktene meiner er med i terrororganisasjonen IS. Sist søndag vart ti menneske , både sivile og politifolk, drepne i Karak, i eit angrep IS har teke på seg skulda for.

Angrepet fann stad like ved ei historisk korsfararborg like utanfor Karak, og blant dei drepne var ein kanadisk turist saman med to jordanske sivile og fleire jordanske politifolk. 27 andre vart såra i angrepet, og tilstanden for nokre av dei skal vere alvorleg.

Aksjon mot hus

Angrep på politiet i Jordan.

Angrepet sist søndag har fått jordanske tryggingsstyrkar til å auke vakthaldet i turistbyen Karak.

Foto: Khalil Mazraawi / AFP

Angriparane tok 14 menneske som gislar i angrepet mot politiet ved den historiske borga, men desse vart sette fri då politiet gjekk til aksjon. Dei fire angriparane vart drepne av politiet etter ei lang skotveksling.

I dag sette politiet i verk ein aksjon mot eit hus dei trur var tilhaldsstad for menn dei meiner kan knytast til dette angrepet. Det er uklart om operasjonen er over, men kjelder i politiet opplyser at fleire av dei væpna mennene er drepne i kampane.

Ei kjelde seier likevel til det jordanske nyheitsbyrået Petra at opprørarane som forskansa seg i eit hus i Karak i dag, ikkje kan knytast til angrepet søndag.

Ein talsmann for det jordanske tryggingsdepartementet seier at politiet omringa eit hus der fleire væpna menn hadde forskansa seg, og at det vart skote mot dei frå huset.

Angrep på politi i Jordan.

Jordanske soldatar utanfor korsfararborga i Karak, der ti menneske vart drepne sist søndag.

Foto: Muhammad Hamed / Reuters

Mange IS-krigarar

Jordan har tidlegare ikkje vore like hardt ramma av alvorlege angrep frå IS og andre ytterleggåande islamistgrupper som ein del naboland, men mange jordanske frivillige kjempar på IS si side i borgarkrigen i Syria.

Kjelder nyheitsbyrået AFP har snakka med seier at nesten 4000 jordanarar kjempar saman med IS og andre islamistgrupper i Irak og Syria, og at 420 av dei er drepne i kamp der sidan 2011.

Kong Abdullah II av Jordan har fordømt angrepet sist søndag som eit «feigt terrorangrep». Han vitja sjølv staden dagen etter, og han forsikra då innbyggjarane i landet om at terroristane ikkje skal greie å destabilisere landet.

karak

SISTE NYTT

Siste nytt