NRK Meny
Normal

Joly i tog mot høgare pensjonsalder

Politiet seier at vel 800.000 deltok i demonstrasjonane mot høgare pensjonsalder i Frankrike i dag, medan arrangørane seier at opp mot tre millionar deltok. Eva Joly var blant demonstrantane.

Eva Joly var blant demonstrantane i Paris.

Presidentkandidat Eva Joly var blant demonstrantane i Paris i dag.

Foto: GONZALO FUENTES / Reuters

Store demonstrasjonar over heile Franrike.

Demonstrasjonen i Paris var den største, men det var demonstrasjonar over heile Frankrike i dag.

Foto: Thibault Camus / Ap

Same kven som har rett, politiet eller fagforeiningane som arrangerer demonstrasjonane, så var det dårlegare frammøte i dag enn for to veker sidan. Då sa politiet at rundt 900.000 deltok, medan arrangøre sa det var rundt tre millionar demonstrantar.

LES OGSÅ: «Sarko, du er ferdig!»

LES OGSÅ: Frankrike streikerammet igjen

Eva Joly var med

Demonstrasjonane i Frankrike rettar seg først og fremst mot president Nicolas Sarkozy sitt forslag om å heve den lågaste pensjonsalderen frå 60 år i dag til 62 år.

Det har i dag vore demonstrasjonar i 230 byar i heile Frankrike. Dei største markeringa fann naturleg nok i hovudstaden Paris, der den norskfødde presidentkandidaten for partiet Dei grøne, Eva Joly, var ein av deltakarane.

Høgare pensjonsalder har fått franskmennene ut i gatene.

Over 80.000 deltok i demonstrasjonane i Frankrike i dag.

Foto: PIERRE ANDRIEU / Afp
Demonstrasjonar i Frankrike

Det er full strid om kor mange som deltok i demonstrasjonane i Frankrike.

Foto: PIERRE ANDRIEU / Afp

Ved sidan av fagforeiningsmedlemer har også mange studentar og skulelevar slutta seg til demonstrasjonane. Enkelte har sagt at Frankrike no går mot eit nytt 1968, året då landet var prega av svært langvarige og i stor grad valdelege demonstrasjonar mot regjeringa.

Fagforeiningane har gjort det klart dei kjem til å trappe opp både streikar og demonstrasjonar i dagane som kjem.

LES OGSÅ: Avblåser drivstoffkrise i Paris

LES OGSÅ: Begynnende bensinmangel i Frankrike

Stengde oljeraffineri

Parallelt med dei store demonstrasjonane er ti franske oljeraffineri stengde på grunn av streikar i protest mot pensjonsreformen. Det har ført til at den største flyplassen i landet, Charles de Gaulle like utanfor Paris, kan gå tom for flydrivstoff i løpet av måndag eller tysdag, vart det opplyst tidlegare i dag.

I kveld kjem det meldingar om at forsyningane til alle flyplassane er oppe og står igjen.

Også togtrafikken er ramma av streik. Dei franske statsbanene, SNCF, opplyser at halvparten av alle togavgangar i landet er innstilde i dag.

Pensjonsreformen er alt vedteken i nasjonalforsalmlilnga, og skal opp til avrøysting i Senatet onsdag. Fransk fagrørsle har oppmoda til ny streik mot pensjonsreformen tysdag.

Demonstrasjonar mot høgare pensjonsalder i Frankrike.

Fagforeningane finn seg ikkje i at pensjonsalderen skal gå opp frå 60 til 62 år.

Foto: PIERRE ANDRIEU / Afp
Video Streiker og demonstrasjoner i Frankrike

VIDEO: Sjå innslaget i Laurdagsrevyen.

LES OGSÅ: Nye franske pensjons-protester

LES OGSÅ: Streik lammer Frankrike i dag

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt