Hopp til innhold

John McCain er død: – Ein helt både for landet og familien

Den amerikanske politikaren John McCain er død, 81 år gammal. No blir han hylla både av familien, politiske vennar og politiske fiendar.

John McCain fra talerstolen

DØD: Senator John McCain døydde klokka 16.28 lokal tid laurdag.

Foto: MICHAEL DALDER / Reuters

– John McCain var ein venn. Eg vil hugse dei gode tidene. Familien min og eg vil sende våre bøner til Cindy og McCain-familien, skriv Sarah Palin på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Ho var visepresidentkandidat då McCain prøvde å bli president i 2008, men tapte mot Barack Obama.

Republikanaren McCain har vore senator for Arizona sidan 1987. Mellom 1983 og 1987 hadde han sete i Kongressen.

McCain Palin

PRESIDENTVALET I 2008: John McCain stilte til val saman med visepresidentkandidat Sarah Palin.

Foto: Mike Roemer / Ap

McCain døydde klokka 16.28 lokal tid laurdag,

– Min djupaste sympati og respekt går til John McCain sin familie. Våre hjarte og bøner er med dykk, skriv USA sin president Donald Trump på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Dagen før hadde derimot Trump vore helit taus da alle andre uttrykte sympati da det blei kjent at McCain avslutta behandlinga for den alvorlege kreften, og truleg ville døy innan kort tid.

Gjekk mot Trump

Under presidentvalet i 2016 gjekk John McCain mot nettopp Donald Trump. I 2017 stod McCain for den avgjerande røysta då Republikanarane sitt forslag til å erstatte Obamacare vart nedstemt.

McCain har også i andre samanhengar vore ueinig med den noverande presidenten.

John McCain

SJUK: John McCain var alvorleg sjuk det siste året han levde. Her er han fotografert 1. desember 2017.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

I fjor vart John McCain diagnostisert med ein alvorleg hjernesvulst. Etter kvart vart svulsten operert vekk, men legane gav han likevel dårlege prognosar.

Trass i den alvorlege helsetilstanden møtte McCain likevel fleire gonger i Senatet.

Denne veka kunngjorde familien at McCain ville avslutte behandlinga mot sjukdommen.

John McCain, som var senator fra delstaten Arizona, stemte mot president Donald Trumps helsereform. 
Dermed ble det umulig for republikanerne å få flertall i Senatet for å avskaffe Obamacare.

Her knuser han Trumps helsereform

– Ein helt

Uansett levde McCain lenger enn prognosane sa.

– Hjartet mitt er knust. Eg er heldig som har levd med denne fantastiske mannen i 38 år, skriv kona Cindy McCain på Twitter.

– Faren min er gått bort, og eg saknar han som berre ei elskande dotter kan gjere. John McCain var ein helt både for landet og for dottera hennar, melder dottera Meghan på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Leiaren for mindretalet i Senatet, Chuck Schumer (Demokratane), hyllar McCain slik ifølgje Time:

– Gjennom livet møter du nokre få verkeleg store personar. John McCain var ein av dei.

MCCAIN AS POW

VIETNAMKRIGEN: John McCain vart hardt skadd under Vietnamkrigen. Han vart også fleire gonger torturert.

Foto: Ap

Krigsveteran

USAs president Richard Nixon tar i mot John McCain i Washington 25. mai 1973

HEIME: John McCain sat som krigsfange i Vietnam i seks år. USAs president Richard Nixon tok han i mot i Washington 25. mai 1973 etter at McCain blei sett fri frå ein fangeleir i Nord-Vietnam.

Foto: Harvey Georges / AP

McCain var også veteran frå Vietnamkrigen. Han overlevde så vidt då hangarskipet Forrestal i 1967 vart råka av ein katastrofal brann.

Same år vart han skote ned under eit bombetokt over Hanoi.

McCain sat som krigsfange heilt til 1973 og vart tidvis utsett fort tortur. Vietnamkrigen merka han fysisk for resten av livet.

Tok klimaet på alvor

John McCain var ein konservativ politikar som hadde sterk tru på USA si militærmakt.

Han støtta mellom anna invasjonen av Irak i 2003.

Trass i si støtte til militære løysingar har McCain alltid vore prinsippfast når det gjeld motstand mot tortur. Det har nok å gjere med hans eigne erfaringar.

McCain var også ein politikar som tok trusselen mot klimaendringar på alvor.

Fem amerikanske senatorer med Hillary Clinton i spissen besøkte Svalbard i 2004. John McCain var en av dem.

John McCain besøkte Svalbard i 2004.

Når John McCain no er død vil guvernøren i Arizona, Doug Ducie, peike ut ein ny senator til å ta hans plass.

Vedkomande blir sitjande ut perioden, det vil seie til 2020.

McCain og Obama 22

VALKAMP: John McCain klarte ikkje å slå Barack Obama i presidentvalet i 2008.

Foto: JIM BOURG / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt