– Noreg er ikkje det einaste landet, dette er eit politisk problem for oss, sa USAs utanriksminister John Kerry under eit stort møte i Det kvite huset i Washington, D.C. i natt.
Senatet har forseinka godkjenninga av ambassadørar til ei rekkje land, men Kerry seier han har grunn til å tru at ein ny ambassadør til Noreg snart vil vere på plass.
– Vi pressar hardt på for å få desse ambassadørane på plass der dei skal vere, sa Kerry, og omtalte det som ein vanskeleg prosess.
Tre år utan ambassadør
Noreg har ikkje hatt ein ambassadør frå USA sidan demokraten Barry White forlèt posten i 2013. Året etter vart forretningsmannen George Tsunis utnemnt for etterfølgjar, men han kom seg aldri til Noreg.
Tsunis avslørte nemleg mangelfulle kunnskapar om norske forhold. Han hevda mellom anna at Noreg hadde president, og at Framstegspartiet var eit marginalt parti, som spyr ut hat, og som den norske regjeringa har teke avstand frå.
Etter kraftige innvendingar frå både republikansk og demokratisk hald, trekte Tsunis seg som ambassadørkandidat.
- Les òg:
– Vanskeleg oppgåve
TIDLEGARE AMBASSADØR: Ben Whitney fryktar at forholdet mellom USA og Noreg tar skade av at det ikkje har vore noko amerikansk ambassadør her sidan 2013.
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpixDette er ikkje første gong USA kjem med løfte om å få på plass ein ny ambassadør.
Tidlegare USA-ambassadør Ben Whitney har kome med knallhard kritikk av si eiga regjeringa for at prosessen har teke så lang tid. Whitney meiner Noreg fortener betre, og seier at dette skadar forholdet mellom USA og Noreg.
Under møtet i natt understreka Kerry at dei framleis jobbar med saka, og håpar at Noreg ikkje føler seg gløymt.
– Ver så snill å ikkje sjå på dette som noko anna enn vanskeleg politikk. Eg veit de har sett slikt på TV, spøkte Kerry.