Hopp til innhold

Joe Biden skal snart velje visepresident­kandidat: – Kan bli den første kvinna med ein vinnarsjanse

Joe Bidens val av visepresident­kandidat kan bane veg for fleire kvinner inn i amerikansk politikk, trur USA-ekspert. Om kort tid offentleggjer Demokratanes presidentkandidat kven han stiller til val saman med.

Demokratenes tidligere visepresident Joe Biden

Joe Biden har brukt god tid på å bestemme seg for kva kvinne som skal bli visepresidentkandidaten hans. To gongar tidlegare har dei to største partia i USA prøvd å velje ei kvinne som visepresident, utan å lukkast.

Foto: Andrew Caballero-reynolds / AFP

I mars sa Joe Biden at han ville ha ei kvinne som visepresidentkandidat. Biden har fleire gongar brote eigne tidsfristar for offentleggjeringa av kandidaten, men namnet må vere ute før Demokratane formelt vel Biden som presidentkandidat på landsmøtet, som opnar måndag neste veke.

I mellomtida går spekulasjonane om kven som blir kandidaten. Senatoren Kamala Harris, som sjølv prøvde å bli presidentkandidat, har lenge vore ein favoritten til mange. Men også andre namn har vore nemnde som moglege kandidatar.

Blant dei er senator Elizabeth Warren, kongressrepresentant Karen Bass og Susan Rice, som har hatt fleire toppjobbar i amerikansk politikk.

Election 2020 Campaigning for VP

Senator Kamala Harris er ein av favorittane til å bli Bidens visepresidentkandidat.

Foto: Paul Sancya / AP

– Første kvinne med vinnarsjansar

To gongar tidlegare har dei leiande politiske partia i USA stilt med ei kvinne som visepresidentkandidat.

Første gong det skjedde var i 1984 då Walter Mondale valde seg Geraldine Ferraro som sin kandidat. Dei tapte stort for Ronald Reagan og George H.W. Bush.

Sofie Høgestøl

Prosessen fram mot Demokratanes kvinnelege visepresidentkandidat kan bane veg for fleire kvinnelege politikarar i USA, trur førsteamanuensis Sofie Høgestøl ved Universitetet i Oslo.

Foto: Kristian Elster / NRK

Og i 2008 måtte John McCain og Sarah Palin gi tapt for Barack Obama og nettopp Joe Biden.

Både Ferraro og Palin blei valde for å overraske, seier førsteamanuensis ved juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo, Sofie Høgestøl, som følger amerikansk politikk tett.

– Det var kampanjar som ikkje låg an til å vinne. Men i år, og mykje kan skje, ligg Biden godt an. Så dette kan bli den første kvinna som blir visepresidentkandidat som har ein realistisk sjanse til å vinne. No vel dei ikkje ei kvinne fordi dei ligg bak og ønsker å gjere noko dristig, ein vel ei kvinne av andre grunnar, seier ho.

John McCain og Sarah Palin

John McCain valde Sarah Palin som visepresidentkandidat i 2008. Dei tapte klart for Barack Obama og Joe Biden. I etterkant har fleire republikanarar meint valet var eit feilsteg.

Foto: Chip Somodevilla/Getty Images/AFP

Grundige vurderingar

Biden har brukt god tid på å bestemme seg for kven han skal stille saman med. Det er viktig med grundige kartleggingar for å finne den beste kandidaten til jobben som visepresident.

Men det har også gjort at mange kvinner har blitt løfta fram i media som mogelege kandidatar, i eit USA der kvinnelege politikarar på toppnivå er i kraftig undertal, seier Høgestøl.

– Ved å bruke tid har ein del kvinner fått meir merksemd og blitt meir kjende i media. Så uavhengig av kven som blir visepresidentkandidat, trur eg vi kjem til å sjå mange av desse kvinnene i amerikansk politikk i åra som kjem.

AP Explains National Security Adviser Susan Rice

Tidlegare FN-ambassadør og nasjonal tryggingsrådgjevar for Barack Obama, Susan Rice, blir trekt fram som ein mogleg visepresidentkandidat. Men ho kan også vere aktuell i andre roller dersom Biden skulle bli president, trur Høgestøl.

Foto: Carolyn Kaster / AP

Ho meiner lista over kandidatar også gir ein peikepinn på kven som kan vere aktuelle til ministerpostar, dersom Biden skulle vinne.

– Namn som Elizabeth Warren og Susan Rice kan vere aktuelle i andre roller, som finansminister og utanriksminister, dersom Biden blir president.

Kva namn som skal stå saman med Joe Biden på Demokratanes valsetel, veit vi før 17. august.

SISTE NYTT

Siste nytt