Jobbar for norsk barneheim – no skal han stå på «dødsliste»

I landsbyen til kongolesiske Claude Matondo har fleire blitt kidnappa. No har han fått vite at han står på angriparane si «ønskeliste». Han trur det er fordi folk veit at han har tilgang til pengar som han skal bruke til å hjelpe andre.

Claude og barna

Claude Matondo jobbar ved barneheimen New Chance i Nord-Kivu. Området er prega av mykje vald framfor det kommande kongolesiske presidentvalet. Matondo kjenner det på kroppen, og er no sett opp på ei av dei væpna gruppene si dødsliste.

Foto: New Chance/Privat

I førre veke fortalde NRK om korleis valdtekter og halshoggingar pregar tida før valkampen i Kongo. I samband med den artikkelen intervjua NRK Claude Matondo som bur i Aust-Kongo og jobbar for den norskdrivne barneheimen New Chance.

Berre få dagar etter intervjuet får NRK ei ny melding frå Matondo. I meldinga står det at han nettopp har fått vite at han står på ei dødsliste. Lista vart funnen på ein av terroristane som angreip byen hans dagen før og kidnappa fleire.

– Dei veit eg har tilgang på pengar

Matondo trur det er jobben ved barneheimen som er hovudgrunnen til at han er eit attraktivt mål for dei mange væpna gruppene i området.

– Eg er på lista fordi dei veit at eg har tilgang på pengar. Eg hjelper barna på senteret, men også folk utanfor senteret. Folk trur eg har mykje pengar fordi eg hjelper mange folk og har kontakt med kvite folk, fortel Matondo på telefon frå Aust-Kongo.

Tommy Rasmussen og Claude Matondo

Tommy Rasmussen, til venstre, seier både han og Claude Matondo er klar over risikoen det medfører å jobbe i Aust-Kongo. Likevel har dei aldri opplevd liknande trugslar som det Matondo no har fått.

Foto: Privat

Matondos norske sjef, Tommy Rasmussen som driv organisasjonen New Chance, seier han og Matondo har snakka om risikoen dei begge tek ved å gjere den jobben dei gjer.

– Vi har venta på at dette kan skje. Me er ikkje usynlege der nede. Det har skjedd liknande ting tidlegare, men ikkje så alvorleg som no at han er på ei liste hos rebellane. Tidlegare har det vore enkeltpersonar som vil ha hans posisjon, eller utnytte han og hans posisjon. Men aldri slik at han har stått på ei dødsliste, seier Rasmussen.

Rasmussen seier at det er eit val dei har teke å sette seg sjølv i ein situasjon der slike trugslar kan oppstå.

– Det er ein kalkulert risiko, og me veit at det kan vere ein moglegheit for at ting som dette skjer. Me har akseptert at det er slik, og blitt einige om at me likevel vil gjere denne jobben for barna, seier Rasmussen.

KivuTracker

Skjermdumpen frå KivuTracker der kvar prikk markerer anten drap, gjengvaldtekt, kidnappingar eller kampar mellom væpna grupper dei siste 90 dagane. Det er dette området av Kongo, rundt Kivu-sjøen i Aust-Kongo, kor det er mest vald.

Foto: KivuTracker

Auke i kidnappingar dei siste åra

Claude Matondo fekk vite om lista etter at ei gruppe terroristar angreip byen hans, og tok med seg ein høgtståande person i landsbyen. Soldatar som jaga kidnapparane og drap fire av dei fann lista. Og eit namna på lista var altså «Claude Matondo».

I Kivu, regionen der Matondo, Kivu bur, har det vore ei stor kidnappingsbølge den siste tida. Kivu Security Tracker er ei gruppe som held nøye oversikt med det meste av kriminell og valdeleg aktivitet i området. Rapportar frå gruppa viser ein vekst i kidnappingar dei siste månadane.

Mellom mai 2017 og mai 2018 vart det registrert at 159 personar vart kidnappa. Å kidnappe og deretter krevje pengar har blitt ein næringsveg for væpna grupper.

Spesielt i nasjonalparken Virunga, som er berømt for sine sjeldne gorillaer, har det vore fleire angrep og kidnappingar. Mest av parkvoktarar, men også turistar.

TOPSHOT-DRCONGO-UNREST

Ei gravferd i Beni. Ei kvinne vart drepen av ei væpna gruppe. Skulda vart tildelt ADF, ei gruppe med band til Uganda. Dette er eit av mange drap som dei væpna gruppene står bak. Drapa er anten motivert av etniske skilnader eller jakta på pengar og naturressursar.

Foto: JOHN WESSELS / AFP

Dilemma å betale løysepengar

Den raude tråden i lista der Matondo sitt namn stod var at personane hadde pengar eller ei inntekt, og dermed også har moglegheiter til å betale løysepengar. Gruppa som angreip landsbyen til Matondo og kidnappa ein mann kravde 200.000 dollar – eller nesten 1,8 millionar kroner – for å sleppe han fri.

Det heile enda med at han fekk gå fri etter at dei pårørande hadde betalt 5.000 dollar – om lag 45.000 kroner.

DRCONGO-POLITICS-VOTE

Valkampen er i god gang i Kongo. Det er val på vesle julaftan, og der stiller Martin Fayulu, som er kandidaten opposisjonen har samla seg bak. Her er han under eit valkamparrangement i hovudstaden Kinshasa, 21 november.

Foto: JOHN WESSELS / AFP

Problemet med å betale løysepengane er at terrorgruppene held fram med å sjå på kidnapping som ei inntektskjelde. Men slektningar og vener som er redde for sine nære er likevel villige til å betale for å få fri dei som vart kidnappa. Som oftast er alternativet at folk blir drepne.

– Fleire kvinner og barn er drepne fordi dei er fattige og ikkje har ein mann i familien som kan betale. Dei kan ta barn frå skular og vil ha pengar for barna. Om foreldra er fattige, så drep dei barna fordi dei ikkje får pengar for dei, seier Matondo.

No forsøker organisasjonen å få samla inn nok pengar til å kunne drive senteret i nokre månader medan Matondo kan gå i skjul. Han kjem ikkje til å gje opp, men tek ein pause medan trugselen er på sitt største.

Spesielt fram mot valet vesle julaftan er det mange som er redd for at valden også kan auke i meir sentrale strøk av Kongo der det no vert arrangert demonstrasjonar og valkamparrangement.

CONGO DEMOCRATIC PROTEST

Eit val i Kongo er ofte prega av vald. Her frå 2006, der politiet slo hardt ned på ein demonstrasjon utført av opposisjonen. Også barn måtte tole valdelege sanksjonar frå kongolesisk politi.

Foto: JIRO OSE / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt